Norske kommunar brukar stadig større summar på å leige inn vikarar til sjukeheimar og helsehus.
Norske kommunar brukar stadig større summar på å leige inn vikarar til sjukeheimar og helsehus.

Kraftig auke i innleige av vikarar i Helse-Noreg

Dei elleve største kommunane brukte over ein milliard kroner på vikarar til sjukeheimar og helsehus i fjor. Det er ein auke frå 251 millionar i 2017.

Publisert Sist oppdatert
Norske kommunar bruker stadig større summar på å leige inn vikarar til sjukeheimar og helsehus, skriv VG.

Tal avisa har henta inn, viser at dei elleve mest folkerike kommunane dei siste seks åra har auka bruken frå 251 millionar kroner til 1,1 milliard kroner. Tala viser innleige av vikarar for sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar og legar gjennom eksterne byrå.

Silje Naustvik, nestleiar i Norsk Sykepleierforbund, seier at stadig fleire sjukepleiarar går over til å jobbe i vikarbyrå – ofte på grunn av betre lønn og arbeidsvilkår.

– Det beste for pasienttryggleiken og helsetenesta er å tilsetje folka i faste, heile stillingar, og at det god nok bemanning til at ein orkar å stå i jobben, seier Naustvik.

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) seier at regjeringa jobbar med å redusere bruken av innleige og har gitt sjukehusa beskjed om å avgrense vikarbruken.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS