Lesarinnlegg

Iverson eFuels jobbar med planar om ein stor amoniakkfabrikk på Birkeland.
Iverson eFuels jobbar med planar om ein stor amoniakkfabrikk på Birkeland.

Ammoniakkfabrikken – ingen ufarleg sjokoladefabrikk»

Publisert Sist oppdatert

Det er kanskje tid for å setja eit lite skråblikk på planen om å etablera ein ammoniakkfabrikk på Birkelandsmoen. Kvifor skulle eg bry meg som det ikkje vil angå? Jo, fordi frå utsida framstår prosjektet som et glansbilde der det i all hovudsak har dreidd seg om nye arbeidsplassar.

Som ein forstår skal ein fortrenga ein allereie etablert bedrift, og viss dette området er så stort at det også nærmar seg den vidaregåande skulen, må ein sørga for at det ikkje blir til hinder for å driva vidare trafikkopplæring.

I følge heimesida til Iverson eFuels skal ein benytte den mest brukte og anerkjente prosessen til framstilling av ammoniakk, Haber-Bosh-motoden». Denne prosessen opererer med ein reaksjonstemperatur på mellom 350-600 °C og eit trykk på cirka 150-300 atm. Det er altså ingen ufarlig sjokoladefabrikk» ein får.

Når ein så planlegg å plassera denne fabrikken, som produserer i stort mon eit av dei mest giftige produkta ein kan få, opp til eit nærmiljø med bedrifter og bebyggelse ikkje så langt unna, er det svært betenkeleg. Ammoniakk er ekstremt giftig, usynlig, etsande, og i ytterste konsekvens dødelig. Ein lekkasje frå dette anlegget kan få katastrofale konsekvenser for nærmiljøet. Dette synest å vera underkommunisert.

Det er her den store bekymringen ligg. Det er ingen tvil om at det vil forringa bomiljøet på Birkeland- og Rød-sida når ein veit kva fabrikk ein har som nabo i bakgarden. Når Herøya Næringspark sender ut ein folder til Skien by, der det står: Ammoniakk; Mulige hendelser som kan medføre storulykke. Brudd i tanker eller rørledninger kan gi gassky med farlig konsentrasjon i en avstand på flere kilometer».

Når Sauda kommune og Iverson eFuels må informera folk om korleis dei skal forholda seg til ein alarmsituasjon og eventuelt evakuering, falmar glansbildet, litt. For når alarmen går på anlegget vil den høyrast over heile bygda, det er då ein forstår kva ein har fått. Uhygga sprer seg, den psykologiske effekten korleis folk reagerer må ikkje undervurderast.

Det er ingen tvil om at prosessanlegget vil avgi støy og til tider lukt. Spesielt når ein begynne å fakle under start og stopp av anlegget, det vil bli høglytt, stor flamme og ofte svart røyk. Så kjem klagene og uvissa.

Å driva tunell frå Søndenåhavn til Birkelandsmoen vil for ein utbyggjar medføre store meirkostnadar. Det vil splitta anlegget opp med produksjon på Birkeland, lagring og utskiping i Søndenåhavn, som igjen betyr at ein må ha ein beredskap på fleire plassar.

Ein skal vera svært forsiktig med å nedsnakka arbeidsplassar. Det har vore nemnt fleire alternative plasseringar av ammoniakkfabrikken, som Honganvik og Søndenåhavn, alt vil vera betre enn Birkelandsmoen. Det er ingen tvil om viss ein legg ammoniakkfabrikken for eksempel til Søndenåhavn, ved å ha produksjon, lagring og utskiping på ein plass gir langt betre sikkerhet, overvaking og drift. Eksponering til nærmiljøet vil bli sterkt redusert, støyproblematikken vil tona seg bort og risikoen ved eit utslepp vil ha langt mindre konsekvensar.

Det går ei ny 300 KV linje frå det nye Sønnå Kraftverk til Austerheim, så kraft ligg nært. Med ein etablering i Søndenåhavn så ligg det også openbare synergimuligheter med annan etablert industri. Det kan vera på industri og brannvern, energi, miljø, kjølevatn, vedlikehald, fiskeoppdrett mm. Her ligg det store potensial for smartare drift i ein vinn-vinn»-situasjon.

I Skipavika, Vestland, skal det etablerast ein ammoniakkfabrikk som skal stå ferdig i 2026, den vil bli Europas første fullskala anlegg for produksjon av utsleppsfri ammoniakk. Dette er eit kompakt, flott anlegg som ligg til sjø. Det burde vera til eksempel for Sauda.

Om Sauda er eit kraftsenter i dag, så vil ein med byggetrinn 2 (800-900 MW) endra situasjonen drastisk. Av all den elektriske kraft ein tilfører fabrikken, sit ein igjen med om lag 30 prosent energi i form av ammoniakk. Det er det ikkje så vanskeleg å forstå at det går ikkje så lenge før den elektriske kraftproduksjonen i Norge knele». Det blir eit ran» av norsk vasskraft til utanlandske investorar, men det synest ikkje å bekymra nokon.

Per Sælevik, tidlegare driftsleiar i Norsk Shell, prosessindustrien og offshoreindustrien

Per Sælevik er utflytta saudabu. I dag bur han i Tananger.
Powered by Labrador CMS