– Den teknologiske utviklinga vore enorm dei siste åra, og formata og sendeflatene er i stadig endring. Barn og unge er derfor langt frå like etablerte kulturbrukarar som tidlegare generasjonar, og det er ekstra viktig at vi følgjer med på endringar i kulturbruken deira, seier Kjersti Mo, direktør for Norsk filminstitutt i ei pressemelding.
Rapporten I strømmen av innhold. 7-14-åringers forhold til filmer, serier og spill» kjem det fram at ungane konsumerer enorme mengder innhald på skjerm, det vere seg dataspel, sosiale medium, filmar eller seriar. Ungane ser på skjerm i nesten alle tenkjelege situasjonar. Få av deltakarane i studien verkar som dei har klare grenser for skjermbruk.
Foreldra på si side ønskjer ikkje å diktere og bestemme over mediekonsumet til barna, men heile 74 prosent vil påverke litt og følgje litt med, utan å moralisere.
Foreslår eigne favorittar
– Ønske om å påverke kan handle om å foreslå film, seriar og spel foreldra sjølv synest har verdi. Og for norske foreldre er det heilt ok at barn ser filmar og seriar som rein underhaldning, framfor at dei skal lære noko, heiter det i rapporten.
Sosiale medium er det foreldre i størst grad prøver å påverke. Heile 43 prosent prøver aktivt å guide ungane der, medan berre 15 prosent seier dei i stor grad» prøver å påverke kva barna ser av seriar.
Rapporten er basert på ei representativ spørjeundersøking og djupneintervju med barn og unge og foreldre.
Lèt barnet velje
Mange foreldre seier dei prøver å eksponere barna for innhald dei sjølv har vore og er glade i, og som dei ønskjer at barna skal få høve til å oppleve. Men det er blanda suksess om ein lykkast med dette eller ikkje.
– Mange foreldre erfarer også at det ofte er vanskeleg å overtyde barna om å prøve innhald som dei foreslår, slår rapporten fast, og konkluderer med at foreldra godtek retten barna har til sjølv å velje kva dei vil sjå på.
Forsøket til foreldra på å påverke minkar dessutan kraftig med alderen til barnet. Og når barna får velje sjølv, blir det mindre NRK Super og meir Netflix og YouTube.