Det var her Saudas første bensinstasjon haldt til, på Hamnaflåt 2. Nære naboar var «Telenor»-bygget, bokhandlaren og Grand Hotell, og då Einar Janson og Lillian Klementsen kjøpte bygget i 2014, var det kun eit verkstadsbygg på tomta, som Jansen hadde planar om å bygge ut til nye lokale for bedrifta si, E. Janson Service.
– Då vi var ferdige med det nye verkstadsbygget, som går over to modular, hadde vi store takflater, og ein dag då vi stod oppå taket, eg og Lillian, kom vi inn på tanken om å bygge leilegheit på toppen. Det var mykje flate å dekke, og vi tenkte først at vi berre skulle bygge på ein del av flata. Men så gjekk vi «all in» og bygde på heile flata. Det er vi glade for i dag, fortel Einar Janson.
Det var TPS og Nils Tungland som stod for teikningane av bygget, som blei laga etter Lillians og Einars ønske.
Vedlikehaldsfritt
Heile bygget er bygd i eit sandwich-materiale beståande av stål med Rockwool-kjerne. Veggane er 30 centimeter tjukke, og held på varmen som ein termos. Noko maling eller utvendig vedlikehald er ikkje nødvendig. Her er det store vindaugsflater og vedlikehaldsfrie veggar som gjeld. Det som ikkje blir reint og fint med høgtrykkspylar, har ikkje fått vere ein del av bygget. Dette var heilt bevisst, fortel Lillian og Einar.
– Då vi først bestemte oss for dette, var vi heilt einige om at vi ikkje ville bygge oss masse arbeid med vedlikehald. Vi er vaksne folk, og vi blir eldre. Vi har lyst å bruke tida på andre ting, og dette er byggematerial eg kjenner godt frå jobb, så det blei eit lett val, fortel Einar.
Sjå alle bildene i bildegalleriet øverst i artikkelen.
Sidan bygget blei reist i sin heilheit i 2018, er det mange som har stoppa opp og undra seg. Kor mange leilegheiter er det der oppe? Korleis ser det ut inni? Det er nok fleire enn oss i Ryfylke som har hatt lyst på ein nærmare kikk på leilegheita som er bygd over 255 kvadratmeter, over eitt og eit halvt nivå. Derfor ringte vi Lillian og spurte pent om å få kome på besøk. Kaffien var klar då vi møtte opp.
Takhøgde
Det er ikkje brukt ein einaste spiker for å bygge huset. Det er kun brukt skruar, og ikkje ein einaste skrue er tilfeldig sett inn. Lillian fortel, noko overraskande, at heile prosessen tok ti månader, og det meste av arbeidet er gjort på dugnad.
– Vi var med og bygde heile gjengen. Vi fekk fantastisk hjelp frå familie og vener. Også eg var med og bygde, og det var utruleg kjekt. Det er kanskje litt rart å seie det, men etter at vi var ferdige, spøkte vi med at vi kunne ha gjort det heile ein gong til. Det var ei positiv oppleving, og vi hadde det kjempekjekt undervegs. Bror min Ingvald var heilt utruleg hjelpsam. Han stilte opp klokka fem kvar ettermiddag, sjølv når vi ikkje var her, fortel Lillian.
Lillian og Einar sin son Jørn er avhengig av rullestol, og leilegheita er bygd for å vere lett tilgjengeleg og romsleg også for han. Derfor er det bygd trappehus med heis direkte opp i leilegheita. Moderne utsjånad og stålutføring på trappene gir eit heilt spesielt preg på inngangspartiet.
– Vi er glade i den litt industrielle stilen som vi har på bygget utvendig, og inne i inngangsdelen. Det er litt styr med å vaske trappene, men det er det verdt, fortel Lillian.
Vel inne i leilegheita openbarer det største opphaldsrommet seg. Det U-forma kjøkkenet dannar ein ende, medan store vindaugsflater, 2,60 meter takhøgde og bevisste møbelval skapar eit rom som blir ein naturleg samlingsstad i heimen. I dei behagelege, og fargerike stolane som er vendt mot vindauga, med utsikt mot elva og fabrikken, har ikkje journalisten store problem med å forstå kvifor Lillian og Einar finn roen akkurat her.
– Kva er din favorittplass i leilegheita, Einar?
– Du sit i den, ler han høgt.
– Vi ville gjerne ha store vindauge og mykje lys. Det er så mykje fint å sjå herifrå, og det vil vi ikkje stenge ute. Eg elskar å sette meg her og kikke ut. No når hausten kjem, fell blada frå dei store trea, og då ser vi fabrikken godt på andre sida av elva, fortel Lillian og peiker mot sør.
Spiskammeret
Midt i den delen av rommet som går inn mot kjøkkenet, står spisebordet. Då rommet blei teikna, var det tenkt å vere akkurat slik som dette.
– Det er lang avstand frå kjøkkenet og ut i rommet, og meininga er at dette skal vere eit sosialt rom. Vi er kjempeglade i å ha «spisebordfestar» der ein sit saman ved bordet. Vi bygger bare ut med meir bord jo fleire som skal kome. Det har vore mykje lått og løye her, smilar Lillian.
Ein detalj vi legg merke til, er ei dør i rommet, like ved kjøkkenet, som er langt meir rustikk enn nokre andre dører. Den er laga i treverk som knapt er pussa ned, kvitmala og har ein gamaldags nøkkellås med ein stor jernnøkkel i.
– Dette er kanskje mitt favorittrom, spiskammeret. Då eg var lita hadde vi eit slikt hos bestemora mi, med nøyaktig same døra, til og med same låsen. Eg måtte ha ei slik dør og eg synest det er eit litt uvanleg og stilig innslag i rommet, seier Lillian.
Retro og barnebarn
Det store opphaldsrommet har lyse golv og tak, medan veggane er dels i mørk farge, dels i lysare fargar. Fargerike møblar, detaljar i retrostil og grøne plantar gjer at trivnadsfaktoren er suveren. Peisen i lys farge er lite brukt, fortel Einar.
– Ja, det er så godt isolert at vi berre har brukt han eit par gonger. Og då har det eigentleg berre vore for kosen i skuld, fortel han.
Det er mange detaljar, møblar og kunst i leilegheita som har sin stil frå 40- 50- og 60-talet. Ei krydderhylle med glasskuffer pryda mange kjøkken i Norge for to generasjonar sidan, og utgjer ein stilig detalj også saman med dei moderne møblane på Lillian og Einars kjøkken.
Barnebarnet Rikke (5) er på besøk. Ho fartar rundt i huset, leiker og les bøker. Om ein ser etter, finn ein masser av detaljar i leilegheita som enten er laga for eller av barnebarna til Lillian og Einar. Det er små møblar. Bilde. Teikningar. Leikekrok.
– Vi har familie både i Oslo og Stavanger, og då vi bygde denne leilegheita hadde vi også ein tanke om at det skulle gå an å kome på besøk hit til oss, og kunne ha litt plass for alle. Dei blir gjerne verande ei stund når dei kjem på besøk, og då er det greitt å ha mulegheit til å trekke seg litt tilbake av og til. Vi elskar å ha besøk av familie, smilar Lillian.
Leilegheita har to stover, der den andre ligg i motsett ende, med gjesterom og gjestebad tett på. Både denne stova og det største opphaldsrommet har utgang til eigne, storslåtte terrassar, omgitt av rekkverk i glas og stål.
Uteplass
Langs delar av dei store terrassane har Einar bygd blomsterkassar i same material som resten av bygget. Dette er blomsterkassar ein heilt sikkert kunne ha planta både furutre og kokospalmar i, for dei er større enn noko ein finn på noko som helst hagesenter. Det er her Lillian bruker aller mest tid på sommarhalvåret.
– Eg elskar å halde på med planter, og hadde eg fått eit liv til, så hadde eg gjerne blitt gartnar, fortel Lillian.
Ho har fokusert spesielt på planter som er heilårsgrøne eller som kjem igjen til sesongane, og supplerer med fargerike blomster der det passar. På uteplassane har Lillian og Einar sitteplassar og sosiale sittegrupper både under tak og ute under open himmel. Skulle vêret spele skikkeleg på lag om sommaren, kan eit stort felt av stoveveggen av glas, foldast ut og til sides, slik at stova blir forlenga ut på terrassen.
– Storkoser oss
Einar Janson har planar om å trekke seg litt tilbake frå drifta av firmaet ved nyttår, og då vil det bli meir tid til andre ting. Hobbyar som reising, motorsyklar og bil skal få meir plass i kvardagen. Og familien.
– Denne leilegheita har vi bygd for den tida som ligg føre oss. Vi kjem aldri til å flytte herifrå, og det er eigentleg litt rart, at i løpet av den tida vi har budd her, har vi ikkje angra på nokon ting med bygget eller innreiinga. I dag ville eg ikkje ha endra på nokon ting. Vi storkoser oss her, og det skal vi halde fram med, seier Lillian.
Ønsker du å lese heile haustavisa til Ryfylke gratis? Her finn du avisa!
Ønsker du å bli abonnent? Her kan du abonnere på avisa Ryfylke.