Det finst rundt 10 000 ulike tomatsorter å dyrke. Her er eit utval tomater, samt chilitypar, dyrka i Sauda. Den tyngste midt på bildet er på 692 gram. Alle foto i denne artikkelen er frå journalistens eigen dyrkeproduksjon i hagen på Fløgstad.
Det finst rundt 10 000 ulike tomatsorter å dyrke. Her er eit utval tomater, samt chilitypar, dyrka i Sauda. Den tyngste midt på bildet er på 692 gram. Alle foto i denne artikkelen er frå journalistens eigen dyrkeproduksjon i hagen på Fløgstad. FOTO: Privat

Du kan fint dyrke tomater i Sauda

Kva gjer ein i overkant nerdete journalist når han lurer på korleis Heirloom-tomater smaker? Jo, han bygger drivhus for å finne det ut.

For tre år sidan kom eg over ein artikkel. På Bondens Marked i Oslo var det kø foran den eine boden èin time før bonden kom med sine sjølvdyrka produkt. Kundane stod i kø for å kjøpe Heirloom-tomater til 300 kroner kiloet. Kiloprisen på tomater i lausvekt på matbutikkane i Sauda var den gong rundt 30 kroner per kilo.

Kvifor stå i kø i éin time for å kjøpe tomater som kostar ti gonger meir enn butikktomater? Og kva er Heirloom-tomater? Denne journalistens kunnskapsnivå om tomater strekte seg den gong til tre ting: På butikken kunne du kjøpe små tomater, mellomstore tomater og av og til store tomater.

Ein del internettsøk og eit par dusin YouTube-videoar seinare avslørte at det finst rundt 10 000 ulike tomatsortar i verda. Heirloom-tomater er gamle kulturarvsortar som ein får i alle mulege fargar, størrelsar og smaker. Eit par søk til avslørte at det går fint å dyrke tomater i Norge, også utandørs, men da er det ein fordel å bu sør i landet. Det er enklast viss du har drivhus, og det må heller ikkje vere oppvarma. Erfarne dyrkarar opplyste også at har du smakt Heirloom-tomater, vil det aldri bli det same å kjøpe billige hybride tomater i butikk igjen. Smaken er mykje betre.

Nokre dagar seinare var drivhus bestilt og sjølvstudier om korleis dyrke tomater starta opp. Eg hadde heldigvis eit halvt år på meg gjennom vinterhalvåret før drivhuset måtte opp.

Valet fall på eit drivhus på cirka åtte kvadratmeter, som på det høgaste er 2,75 meter, og som i tillegg har doble dører, sikkerhetsglass, lufteluke og automatisk lukeopnar (tre år seinare har eg framleis ikkje skjønt korleis eg skal få til å montere den automatiske lukeopnaren i aluminiumsramma til drivhuset).

Underteikna bygde drivhus for tre år sidan for å finne ut korleis Heirloom-tomater smaker. FOTO: Privat

Ein eksisterande platting på halv åtte blei valt som fundament. Den måtte restaurerast først og jekkast opp slik at den kom i vater. Men alt av nødvendig målerarbeid måtte bli utført først. Når drivhuset var på plass ville det sette ein del begrensingar på framtidige prosjekt. Eg begynte alt å skjønne at eg hadde tatt på meg ein god del meir arbeid enn kva eg først såg føre meg.

Ein god del frø blei bestilt inn. Nokre frø etter anbefaling frå erfarne dyrkarar, nokre frø etter bingoprinsippet og nokre frø fordi dei avbilda tomatene såg så kule ut.

Sambuaren min spurte om eg kunne dyrke litt chili også, sidan ho liker sterk mat. I tillegg blei det bestilt inn frø til nokre få salatsorter og frø til nokre krydderplanter.

Det har blitt mange frøbestillingar rundt omkring i verda for å få tak i eksotiske tomatsorter. FOTO: Privat

Murarbøtter på 20 liter blei vald som «potte» til kvar tomatplante, 15-liters spesialpotter med undervatning til chiliplanter og 10-liters bøtter til krydderplanter. Deretter måtte følgande på plass: Innandørs dyrkelys til forkultivering av planter, 3,5 tonn kompostert jord, eit halvt tonn kukompost, lecakuler til drenering i botn av bøttene, bambuspinner og alt muleg rart av merkelapper, jutetråd, dyrkebrett og ulike hageredskaper.

40 000 kroner og tusen timar sjølvstudier seinare var eg klar. Det høyres kanskje ambisiøst ut, men Norge var korona-nedstengt og det var mildt sagt ikkje mykje anna å finne på.

I drivhuset i år har eg ti tomatplanter, sju chiliplanter og tre basilikumplanter. Bildet er tatt tidleg i dyrkesesongen, før alt tar av og det begynner å bli utfordrande å ta seg inn døra. FOTO: Privat

Frøa til chiliplantene blei sett til spiring i begynnelsen av januar. Frøa til tomatplantene blei sett til spiring i begynnelsen av mars. Chiliplanter treng lenger tid enn tomatplanter. Sjølv om både chiliplanter og tomatplanter er fleirårige, var strategien at alt skulle kastast på seinhausten, og deretter starte prosessen på nytt igjen frå første januar kvart år. Sidan tomatplanter og chiliplanter ikkje tåler frost, måtte alt bli flytta innandørs gjennom vinteren dersom ein skulle tatt vare på plantasjen. Det var ikkje eit alternativ, sidan dei fleste tomatplantene fort blir tre meter høge.

Fram til midten av april blei chiliplanter og tomatplanter potta opp kvar tredje veke, mens dei stod under dyrkelys. Til saman hadde eg rundt 50 planter, for å ha litt å gå på. I midten av april blei alt sett ned i stova i sør- eller sørvest-vende vindauge. Frå april er det nok lys ute slik at ein ikkje treng innandørs dyrkelys. Frå midten av april til midten av mai har det vore unntakstilstand og botanisk hage i stova. Rundt 17. mai blir alt sett ut i drivhus og planta om i den siste og største bøtta. Planter til overs blir gitt bort til familie. Eg tar alltid ut éi ferieveke i midten av mai slik at dyrkeprosjektet forblir ein hobby og ikkje eit blodslit etter jobb kvar maikveld.

Planter skal bindas opp fortløpande og sideskot skal fjernast. Det er derfor litt arbeid med det.

Om vinteren blir alle planter dyrka frå frø, og sett under dyrkelys. Merking er viktig. FOTO: Privat

Eit par utfordringar møtte eg på den første vinteren med forkultivering inne. I «dyrkerommet», som er gjesterommet i huset, begynte det å dukke opp det som eg trudde var «bananfloger». Etter kvart begynte det å bli så mange og utriveleg at eg måtte finne ut av det. Det viste seg at det var hærmygg. Eg forstår veldig godt kvifor dei har fått namnet hærmygg. Dei formerte seg i eit absurd tempo. Limfeller og levande nematoder blei kjøpt inn. Nematoder blei tilsett jorda. Dei et opp hærmygglarvene, men skader ikkje plantene. Dei neste åra bruker eg kun limfeller inne frå starten av. Det held hærmyggbestanden på eit uproblematisk lågt nivå, særleg viss eg kun vatnar med undervatn.

Frå midten av april til midten av mai er det botanisk hage og unntakstilstand heime i stova på Fløgstad. FOTO: Privat

Det andre problemet eg fekk første forkultiveringsvinteren var eit soppangrep som gradvis begynte å drepe plante etter plante. Erfarne tomatdyrkarar i USA hadde svaret: Hydrogenperoksid (H2O2). Dei sel det i 3 prosent oppløysing på apoteket. Det berga tomatplantasjen min.

Denne Brandywine Red-planten gav rundt ti kilo tomater aleine den første dyrkesesongen. FOTO: Privat

Første året hadde eg 15 tomatplanter og fem chiliplanter. Korleis gjekk det? Over all forventning. Eg var svært heldig med vêret dette året. Sommaren 2021 var varm med temperaturar langt opp på 20-talet nesten heile sommaren. Det var perfekte dyrkeforhold for tomat og chili. Eg måtte sjølvsagt heile tida passe på at det ikkje blei for varmt i drivhuset. Dører og lufteluke stod på vidt gap på dagtid.

Tomatene vaks i så store mengder at det skapte utfordringar. Eg hadde kanskje dimensjonert opphengsystema mine til ein produksjon på 40-50 kilo tomater pluss vekta av plantene. Eg enda opp med rundt 100 kilo tomater den sommaren. Opphengsystema mine gav etter i tur og orden og metallstaga i kvar ende av drivhuset bøyde seg på grunn av vekta. Det blei ein del ekstraarbeid og kriseløysingar for å berge alt saman.

Den første dyrkesesongen gav så mange kilo tomater at metallstaga i drivhuset begynte å gi etter. FOTO: Privat

100 kilo tomater blei også ei utfordring å bli kvitt. Tomatsesongen er kort, sidan det meste blir modent i august og september. Mykje blei ete ferskt. I tillegg blei det laga mykje chilisaus beståande av tomat (mest) og chili. Chiliplantene produserte rundt hundre chilifrukter kvar. For å seie det slik: 500 sterk chili i året har eg og sambuaren min ikkje behov for. Eg sylta også ein del tomat, men konsistensen blei for vassent ut frå min smak. Eg lagde også ein del tomatrelish, men det blei for lite ete i etterkant. 30-40 kilo tomater blei delt ut til familie og naboar etter kvart som dei blei modne.

Tomatplanter og chiliplanter utandørs, tidleg i sesongen. Tomatplanten Isis Candy, til høgre, vaks høgare enn rekkverket i løpet av sommaren. FOTO: Privat

Våren i fjor utvida eg dyrkeprosjektet og opparbeidde grusbedd rundt to husveggar, slik at eg kunne dyrke ein del chiliplanter og tomatplanter ute. Det fungerer bra. Både tomatplanter og chiliplanter veks bra ute i Sauda. Forkultiveringa inne fram til midten av mai gir dei ein god start. I tillegg har eg alle plantene inne i drivhuset til starten av juni. Når det nesten ikkje er plass å bevege seg inne i drivhuset, tar eg ut alle plantene som er planlagt å stå ute. Denne sommaren har eg hatt fire tomatplanter og tre chiliplanter ute. Sommaren i år har ikkje vore bra, slik at eg har ikkje fått den same produksjonen som den første sommaren. Kanskje har eg enda på 60-70 kilo tomater. Juni månad var svært bra vêrmessig og berga nok produksjonen.

I fjor blei det dårleg. Sommaren var elendig og eg fekk kanskje bare 15-20 kilo tomater. Men eit hytterestaureringsprosjekt må også ta litt av skulda. Eg hadde lite overskot til å bruke på dyrkinga.

Black Beauty er den mest svarte tomatsorten i verda. Også denne tomatsorten veks godt utandørs i Sauda. Men det er utfordrande å finne ut når den er moden sidan den er svart gjennom heile dyrkesyklusen. FOTO: Privat

Konseptet mitt er at eg tilset gjødsel kvar gong eg vatnar. Eg vatnar for hand. På dei varmaste dagane går det opp mot 80 liter vatn i døgnet. Når planter fortløpande må bindast opp og sideskot må fjernast, går det derfor litt dagleg tid på dyrkinga.

Eg prøver alltid å dyrke nokre nye sorter kvart år. Fram til nå har eg dyrka 25-30 forskjellige tomatsorter. Eg har fått mine favoritter som eg må dyrke kvart år, men prøver alltid noko nytt.

Tomater veks fint ute i Sauda. Dette er Black Krim, min hyllest til Ukraina. Russiske tomatsortar har eg slutta å dyrke av prinsipp. FOTO: Privat

Nytt i år på chilifronten er at eg testar ut ein del chiliplanter som ikkje har styrke. Det har vore suksess. Særleg Padron veks som bare juling i Sauda, både i drivhus og utandørs. Mange har fått smaken på Padron i Norge det siste året, etter at norske matvarebutikkar har begynt å ta den inn i sitt varesortiment. Men igjen: Det du haustar inn ferskt frå hagen få minutt før du tilbereder det, smakar ein del meir enn ein Padron som blei plukka i Spania halvannan veke før du kjøper den i ein norsk matbutikk.

Chilien Padron, på den midterste rekka, produserer svært godt i hagen på Fløgstad. FOTO: Privat

Chilien Jimmy Nardello som også er utan styrke, og som smaker som litt paprika og litt eple, har også blitt stor suksess hos oss. Denne er dessverre ikkje å få kjøpt i norske butikkar.

Det som er litt ekstra kjekt når ein bestiller frø frå alle mulege land og forkultiverer sjølv, er at det blir ein del planter til overs. I hagene til ulike familiemedlemmer i Sauda står det derfor ein haug med ulike eksotiske tomatplanter og chiliplanter som faktisk gir litt avkastning til dei i løpet av seinsommaren.

Eigendyrka tomater, med chilien Jimmy Nardello i midten, er populært når familiemedlemmer blir invitert til tomataften. Heimelaga focacciabrød, potetsalat, eggerøre og litt spekemat passar godt til. FOTO: Privat

Dyrkesesongen er i ferd med å bli avslutta heime hos meg for i år, og alt av planter vil bli levert som hageavfall. Så blir det å kjøpe vanlege tomater igjen i butikk, til dei første eigenproduserte tomatene begynner å modnast ein gong i juli. Men ikkje eit vondt ord om butikktomater og profesjonelle tomatprodusentar som sørger for at me har frukt og grønt tilgjengeleg året rundt. Når eg reknar ut kva kiloprisen er på tomatene eg dyrker, er eg ikkje i nærheita av prisane i ein butikk. Men det er ikkje på grunn av kiloprisen eg driv med dette. At Heirloom-tomater er dyrt var jo det første eg beit meg merke i da eg tilfeldigvis kom over ein artikkel for tre år sidan, før galskapen tok over heime hos meg.

Sjølvdyrka tomater kan bli svært store, også i eit uoppvarma drivhus i Sauda. Den største på bildet var 692 gram tung. Planten er Brandywine Pink Sudduth´s Strain. FOTO: Privat

Ønsker du å lese heile haustavisa til Ryfylke gratis? Her finn du avisa!

Ønsker du å bli abonnent? Her kan du abonnere på avisa Ryfylke.