I mai var Mikhail Hollund (20, til venstre) lærling hos HS Maskin. I dag er han arbeidsformann hos HS Maskin. Her diskuterer han saman med lærling Bjørn Bjørknes (18).
I mai var Mikhail Hollund (20, til venstre) lærling hos HS Maskin. I dag er han arbeidsformann hos HS Maskin. Her diskuterer han saman med lærling Bjørn Bjørknes (18). FOTO: Ingvil Bakka

Lærlingen Mikhail (20) blei formann

Sveibuen Mikhail Hollund angrar ikkje på at han valde HS Maskin som sin lærestad. Same dag som han tok fagbrevet fekk han tilbod om fast jobb som arbeidsformann.

– Eg hadde aldri vore i arbeidslivet før då eg i 2019 skulle bestemma meg for kor eg ville vera YSK-lærling. Eg hadde fleire alternativ. Hos HS Maskin var det den gong Amund Fattnes som var sjef, og han er jo ein veldig løyen fyr. Så ja, ha-ha, eg let meg rett og slett sjarmera til bedrifta, seier Mikhail Hollund.

Mikhail Hollund er oppvaksen i Sveio. Då han våren 2019 skulle velga vidaregåande utdanning, hadde han lyst til å ta eit val som sikra han både studiekompetanse og eit fagbrev. Yrkes- og studiekompetanse-linja i Sauda verka forlokkande på den unge sveibuen.

– Eg kunne også tatt Tekniske og allmennefag-linja i Knarvik og fått læreplass ved Framo, ei stor bedrift med fleire hundre arbeidsplassar. Men eg hadde meir lyst til å dra til Sauda, både fordi det er nærare heime, men også fordi eg hadde trua på at eg ville få ei betre og breiare opplæring i ei mindre, lokal bedrift, forklarer Hollund, som ønska å utdanna seg til platearbeidar.

I juli 2019 fekk han vita at han kom inn på YSK-linja, i Sauda vidaregåande skule sitt andre YSK-kull sidan oppstarten i 2018. I løpet av sommaren bestemte han seg for å takka ja til læreplass hos Saudasjøen-bedrifta HS Maskin. Etter fire veker med opplæring var 15-åringen klar for å ta fatt på YSK-utdanninga i Sauda.

– Dei tre første åra var me tre dagar i veka på skulen, og to dagar i veka på jobb. Det siste året var det motsett: To dagar på skule og tre dagar på jobb, forklarer han.

Dei var elleve elevar i YSK-klassen.

– Eg var ikkje spesielt skulelei etter ungdomsskulen, men eg er veldig glad for at eg fekk så varierte veker under YSK-utdanninga. Det var liksom passeleg mengde skule. Og så var det veldig kjekt å få komma seg ut i arbeidslivet så tidleg og få erfaring med å vera på ein arbeidsplass, seier han.

I dag ser Hollund tilbake på dei fire lærling-åra hos HS Maskin med stor glede.

– Som lærling fekk eg vera med ut på synfaringar og ta del i planlegging av prosjekt. Dei andre tilsette var veldig flinke til å ta oss med og la oss få prøva oss, rosar han.

Som arbeidsformann har Mikhail Hollund ansvar for å planlegga prosjekt og fordela arbeidsoppgåver. FOTO: Ingvil Bakka

I ei såpass lita bedrift som HS Maskin får ein som lærling også opplæring i mange andre arbeidsoppgåver i bedrifta.

– Eg kjenner folk som gjerne jobbar som platearbeidarar eller som sveisarar i store bedrifter. Dei gjer det same kvar dag, kvar veke. Her hos HS Maskin har eg hatt veldig varierte arbeidsoppgåver. Her jobbar me med både planlegging, produksjon, montering, sveising og ferdigmontering. Eg har lært veldig mykje, seier 20-åringen.

Etter at han fullførte og bestod fagprøven sin i mai i år har Hollund jobba fullt ved HS Maskin i Saudasjøen. Då fagprøven var i boks, fekk han tilbod om å bli arbeidsformann i bedrifta.

I teorien var han lærling til september, men i praksis har han vore arbeidsleiar sidan mai.

– Som formann har eg ansvar for teikneprogramma og planleggingsprosessane. Eg koordinerer arbeidet i verkstaden og fordeler arbeidsoppgåver etter kva kompetanse me har tilgjengeleg. Per nå har me tre lærlingar og tre fagarbeidarar, inkludert meg, i verkstaden vår. Jobben min er spennande og travel, og det er utfordrande å planlegga arbeid for alle. Eg må ikkje bare organisera arbeidet for ein dag, men også for neste dag og også for neste veke, forklarer han.

Arbeidsformann Mikhail Hollund og dagleg leiar i HS Maskin, Alf Jostein Årtun. FOTO: Ingvil Bakka

Å få tilbod om fast jobb som arbeidsformann like etter fagprøve ser han på som ei stor tillitserklæring.

– Det er jo eit teikn på at eg blir sett pris på og at dei meiner at dette er noko eg klarer. Nå skal eg også jobba administrativt, og det er ein heilt ny arena for meg. Men eg trivst godt med arbeidsoppgåvene mine, seier han, som også skryt av det gode arbeidsmiljøet på arbeidsplassen.

Jobben som arbeidsformann er fast, full stilling. Kor lenge sveibuen blir i HS Maskin og Sauda er foreløpig ikkje klart.

– Eg har litt lyst til å gå på NTNU i Trondheim og ta sivilingeniørutdanning innan industriøkonomi. Men om det blir om eitt år eller to år, får me sjå an, seier han, som planlegg å bu i båten sin i tida framover.

Han oppfordrar gjerne andre til å ta YSK-utdanning.

– YSK-utdanninga kan opna fleire nye dørar. Ein får foten ut i arbeidslivet, samtidig som ein sikrar seg studiekompetanse for eventuelle vidare studiar. Ein må sjonglera skule og jobb, det er ikkje alle dette passar for, men det gjekk bra for meg. Det er bra å få arbeidserfaring – ein ser lett forskjell på folk som har vore i arbeidslivet og dei som kjem direkte frå høgskule eller universitet, seier han.

Sjølv har han altså planar om å jobba eit par år, før han studerer vidare.

– Det er stor variasjon blant dei eg gjekk på skulen med. Nokre blir fagarbeidarar, andre drar vidare til studiar, seier Mikhail Hollund, fersk platearbeidar og arbeidsformann hos HS Maskin.