Då Ine gjekk på ungdomsskulen og skulle velga kva for ei linje ho ville gå på vidaregåande, var studiespesialiserande linje på Sauda vidaregåande skule det naturlege valet for ho. Ho hadde bestemt seg for at ho ville på utveksling i VG2, og då er det smartast å velga akkurat denne linja. For om ein vil ha utvekslingsåret godkjent må ein ha dei rette faga. Dei får du når du går studiespesialiserande linje.
Hente seg inn i norsk fagstoff
For å få lov til å reise på utveksling er det nokre ting som må vera i orden. Ein av desse tinga er at ein må ha greie karakterar. Dette er fordi ein må vera sikker på at den som skal reise klarer å hente seg inn igjen i fagstoffet som han eller ho har gått glipp av her i Norge. I tillegg til at ein må klare å hente seg inn i fagstoffet som er blitt gjennomgått i Norge, må ein ha karakteren C i snitt der du er på utveksling, for å få skuleåret godkjent.
Enda opp i Texas
Korleis ho enda opp i Texas er lett å svare på. Ine fortel at ho fekk laga ei liste over kva statar i USA ho kunne tenka seg å bu i. På denne lista var blant anna Texas, som var der ho hamna til slutt. Nærare bestemt byen Sherman.
County fair er årlege messer som blir arrangert rundt om i landet. Dette bilete er frå County fair i Texas. FOTO: Privat
Som å vera i ein film
– Å vera på utveksling i USA opplevde eg som å vera med i ein typisk amerikansk High School-film, seier ho.
Ho fortel at det ikkje var uvanleg at elevar på skulen song i gangane på skulen og leste dikt til kvarandre. Dei er også svært utadvente i USA. Dei prata stort sett med alle, uansett om dei kjente kvarandre eller ikkje.
– Slik er det jo ikkje i Norge. Her snakkar me med dei me kjenner og unngår helst å snakka med fremmande, seier Ine.
Var med på Drill team
Når ein er på utveksling, er det nokre fag ein kan velga sjølv. Eitt av faga Ine valde var sport. Då hadde ho litt sport kvar dag. Ho fortel at ho også var med på noko som heiter «Drill team». På hausten, då det er fotballsesong, dansar drill-teamet før fotballkampane og i pausen. Ho fortel at «Drill team» på ein måte er ein blanding mellom cheerleading og dans. På våren er fotballsesongen over. Då reiser drill-teamet for å konkurrerer mot andre skular i staten.
Å dra på amerikansk fotballkamp er veldig populært blant elevar på skulen. FOTO: Privat
Høgtid utan familien
Når ein er på utveksling, reiser ein ikkje heim for å feira jul og nyttår. Då feirar du saman med dei du bor hos. Ine fortel at det var litt rart å vera vekke frå familien sin i høgtidene, men at det var veldig kjekt å få oppleva skikkeleg amerikansk jul. Der ho budde var dei veldig kristne, så jula var viktig. Ine fortel at dei var i kyrkja på julaftan, noko ho aldri har vore før. Til middag var tradisjonen å ete kalkun.
Å ha eit fargerikt juletre med togbane rundt er ganske vanleg i USA. FOTO: Privat
Å feira Thanksgiving var også nytt for Ine. Ho fortel at det var ganske likt som julaftan. Dei hadde kalkun til middag då også. Å seia kva ein er takknemleg for i livet er også ganske viktig i feiringa av Thanksgiving.
Sjølv om utvekslingsstudentane feira høgtidene saman med familien dei budde hos, blei det arrangert eigne feiringar for dei som var på utveksling i nærleiken av kvarandre.
– Å reisa på utveksling er absolutt noko eg vil anbefala til andre. Du opplever så mykje kjekt, og du får eit avbrekk frå den norske skulen. Dette er ein moglegheit du bare har andre året på vidaregåande, så grip sjansen viss dette er noko du synes verkar interessant, seier Ine.
Seniorane på skulen måler på buksene sine til homecoming. FOTO: Privat