Børge Lund har teikna «Lunch» på fulltid sidan 2011.
Børge Lund har teikna «Lunch» på fulltid sidan 2011. FOTO: Tommy Ellingsen

Teikneserieskapar Børge Lund:

– Finn komfortsona di – ikkje tving deg til å lika noko du eigentleg ikkje liker

Unge, skuleflinke og teikneglade Børge Lund «seifa» og tok høgare utdanning. I dag lever han av å laga teikneserien «Lunch».

– Eg angrar på ingen måte på vala eg tok som ungdom. Som ungdom hadde eg ikkje ballast nok i livet til å laga ein teikneserie som eg kunne leva av. Utdanninga mi, yrkeserfaringa mi, livets tilfeldigheiter og litt flaks gjorde at eg er der eg er i dag som teikneserieskapar med eige firma, seier Børge Lund.

Børge Lund er fødd i august 1973 og vaks opp i Sauda, der han gjekk på Austarheim skule, Sauda ungdomsskule og Sauda vidaregåande skule. Unge Børge Lund var ein skuleflink elev, som meistra dei fleste faga på skulen og som var aktiv med både langrenn, fotball, hopp og korps på fritida. I tillegg var han glad i å teikna. Ekstremt glad i å teikna.

– I teikninga låg det ein stor glede, som ikkje handla om å prestera. Eg las om folk som hadde reist til USA for å bli teikneserieskaparar, men sjølv våga eg ikkje drøyma om dette ein gong, fortel Lund.

Børge Lund som ung konfirmant våren 1988. FOTO: Privat

På vidaregåande valde han realfag.

– Plan A var å ta ei skikkeleg utdanning og få ein god jobb. Det var det mest fornuftige. Det var ingen som pressa meg, det var kun mitt eige val, presiserer han.

På fritida, medan han gjekk på vidaregåande, tok han småoppdrag knytt til teikning, design eller illustrasjonar.

– Eg visste at det var noko i meg som eg ikkje måtte oversjå, sjølv om eg gjekk på skule og begynte å tenka på studiar, forklarer han om den store teikneinteressa.

Som ungdomsskuleelev var Børge Lund skuleflink i alle fag. På fritida dreiv han med idrett og musikk. FOTO: Faksimile Ryfylke 6. januar 1989

Etter vidaregåande følte han at han hadde to alternativ i Norge: Anten realfag ved NTNU i Trondheim eller industridesign ved Statens høgskole for kunsthåndverk og design i Oslo.

– Eg valde ein «gyllen middelveg». Eg valde ei teknisk utdanning innan design i Nederland. Eg drog dit hausten 1992, og brukte rundt 5,5 år på denne utdanninga. Diplomoppgåva mi skreiv eg i Trondheim, som då hadde fått ei slik norsk sivilingeniørutdanning, fortel Lund.

Som ferdig utdanna fekk Børge Lund kjapt ein fast jobb. Men han fekk sparken med ein gong.

– Eg fekk jobb i firmaet der eg skreiv avsluttingsoppgåva mi. Men bedrifta hadde hatt tilsettingsstopp og fagforeininga protesterte. Det enda med at eg fekk sparken før eg fekk begynt!

Børge Lund fekk seg raskt ny jobb, denne gong i Oslo, hos elektronikkselskapet Contec – som nå har skifta namn til Kitron. Det var heilt på grensa av det Børge Lund hadde lyst til å jobba med. Han var i bedrifta i fire-fem år, før han flytta til Stavanger og begynte å jobba for  Laerdal medical.

– Det var ein veldig kjekk og givande jobb. Då handla jobben min om å designa viktig, livreddande utstyr til helsevesenet. Eg var med på ambulanseutrykking i blant anna Stockholm, London og New York, for å føla på kroppen kva behov ambulansepersonell har i akutte situasjonar, forklarer Lund.

Fem år seinare valde han å seia opp for å bli med i gründerbedrifta SmartSeal, som jobba med å få ein ny oppfinning ut på marknaden; ein sportskork.

– Det var då ting begynte å «skli ut» for meg i yrkeslivet. Eg begynte å få meir og meir lyst til å driva med teikning. Då det blei lyst ut ein teikneseriekonkurranse våren 2007 såg eg på dette som eit slags «eksperiment» der eg kunne få testa meg som serieteiknar, forklarer han, som då hadde jobba ti år på kontor.

Børge Lund, fotografert på sitt kontor i Østre Bydel i Stavanger. FOTO: Tommy Ellingsen

I konkurransen skulle ein levera 15 striper. Børge Lund hadde få veker på seg.

– Eigentleg var det ei uoverkommeleg oppgåve. Me hadde tre små barn og eg var i full jobb til vanleg. Men eg klarte å levera. Eg trur at det å få ei slik, konkret oppgåve med stram tidsfrist var det som gjorde at eg klarte å fullføra. Tidlegare hadde eg aldri klart å fullføra eit teikneserieprosjekt, der den einaste som sette krav til meg var meg sjølv. Då hadde eg høge mål og ingen deadline. Og eg blei aldri ferdig. Hastverket under teikneseriekonkurransen gjorde at eg måtta ta mange val i rein panikk. Kan eg bruka erfaringa mi frå kontor? Ja. Kva karakterar skal eg ha? Eg tok val på val på val, kjapt, forklarer han.

Børge Lund vann ikkje teikneseriekonkuransen, men blei likevel lagt merke til. Han fekk tilbod om å vera «gjesteserie» i Dagbladet mot at han justerte litt på form og figurar i serien sin. Deretter balla det på seg. Bransjen omfamna teikneserien «Lunch» og dører opna seg.

Teikneserien «Lunch». FOTO: Børge Lund

I 2011 måtte Børge Lund bestemma seg for om han ville gå «all in» som teikneserieskapar eller om han skulle bli i den faste dagjobben sin. Han valde å seia opp jobben og satsa for fullt på teikneserien sin.

– Med den utdanninga eg har var ikkje dette eit modig val. Eg tok ingen risiko. Eg visste at eg kunne få meg ein ny jobb om det skar seg, seier han.

I dag er «Lunch» eit eige blad som kjem ut ti gonger i året. Totalt har han gitt ut 100 blader og 17 bøker. «Lunch» blir utgitt i over hundre aviser, og i fleire land.

Tom for nye stripe-idear er han foreløpig ikkje.

– Alltid når ein startar med noko nytt i livet er ein redd for å mislukkast. Klarer eg dette? Er eg god nok? Vil eg bli avslørt som ein som ikkje kan dette i det heile tatt? Men etter kvart som ein får meir sjølvtillit, forsvinn også redselen for å gjera feil. Og ideane til nye striper kjem på rekke og rad. Slik sett er det eit paradoks: Jo fleire idear eg får til striper, jo endå fleire idear får eg, forklarer han.

I dag er Børge Lund passert 50 år og har sjølv to søner og ei dotter, som anten studerer eller som snart skal ta viktige studieval.

– Det er eigentleg veldig vanskeleg å gi gode råd, for alle ungdommar er forskjellige. Nokre vil ha ein jobb med høgt tempo, andre ein rolegare jobb. Det viktigaste å vita er at samfunnet har plass til alle. Samansettinga av elevar i ungdomskuleklassen din er lik samansettinga av menneske elles i livet. Klassen din er samfunnet. Samfunnet er ikkje stappa av bare skuleflinke og høgskuleutdanna. Det ligg ein tryggheit i denne erkjenninga. Det er plass for alle, seier Lund.

Teikneserien «Lunch». FOTO: Børge Lund

Han oppfordrar også dagens unge til å finna komfortsona si.

– Det blir heile tida snakka om at det er så viktig å «gå utanfor komfortsona si». Eg synest det blir litt håplaust å kreva det av alle. Det er ikkje noko gale i å vera i komfortsona si. Spør du meg er idealet å vera i komfortsona si. Finn ut kva som er di komfortsone. Finn ut kva du liker. Det verste ein gjer er å prøva å tvinga seg sjølv til å lika ei rolle ein eigentleg ikkje liker, seier Børge Lund.

Han minner også om at arbeidslivet er langt, og at det er fullt muleg å skifta kurs undervegs.

– Livets tilfeldigheiter speler inn på kor me hamnar i livet. Og også arbeidslivet er fullt av tilfeldigheiter. Grip sjansar når du er klar for det og hugs at det du bestemmer deg for der og då ikkje er eit val for resten av livet. Ein kan alltid justera kursen undervegs, slik eg gjorde, seier han.

I dag er Børge Lund ein av Norges mest populære teikneserieskaparar, og er også blitt ein attraktiv føredragshaldar for næringsliv og offentleg sektor. Han trur ikkje han hadde vore der han er i dag i livet, utan mange gode støttespelarar.

– Sjølv om «Lunch» kan framstå som eit slag «einmannsorkester», hadde ikkje serien vore der den er i dag utan ein solid samling med gode hjelparar, både profesjonelt og privat. Ein treng hjelp til å opna dører og det er utruleg viktig å lytta til andre. Så kan ein sjølvsagt sjølv velga kva råd ein følger og kva råd ein gir blaffen i. Og sist, men ikkje minst: Våg deg ut i verda, det vil du aldri angra på!