Tidlegare år har Sauda kommune pynta med petunia i blomsterkassar på rekkverka på bruene over Nordelva og Storelva. Ikkje i år.
Tidlegare år har Sauda kommune pynta med petunia i blomsterkassar på rekkverka på bruene over Nordelva og Storelva. Ikkje i år.

Har måtta prioritera vekk blomster-pynt

Saknar du kommunale blomster i sentrum? Her er ei utfordring til deg.

Publisert Sist oppdatert

– Kvifor er det ikkje pynta med blomster på rådhusplassen i sommar? Og kvifor er det ikkje pynta med blomster på rekkverka over Nordelv bru?

Spørsmålet kom nyleg til redaksjonen i Ryfylke frå ein engasjert saudabu.

Ryfylke rettar spørsmålet til kommunalsjef næring og samfunn, Roger Birkeland.

I ein e-post svarar kommunalsjefen på det kritiske spørsmålet.

– Me blir heile tida tvinga til å gjera vanskelege prioriteringar, og spesielt denne våren, som følge av ein vakanse i bygg- og anleggseininga. Det har ført til at me har vore nøydde for å prioritera andre oppgåver denne perioden av året, skriv Birkeland.

Han kjem også med ei utfordring til folk som ønsker å pynta med kommunale blomar i sentrum.

– Me ønsker imidlertid å invitera frivillige organisasjonar og enkeltpersonar til å bidra til å pynta byen vår. Me har eit gartneri tilgjengeleg på Birkeland som me svært gjerne ser at blir utnytta i større grad enn me sjølv er i stand til for øyeblikket. Eg trur dette kan vera ein flott mulegheit for å samarbeida om å skapa eit blomstrande og triveleg miljø i sentrum. Alle som er interesser i å bidra, kan ta kontakt med meg direkte, oppfordrar han.

Powered by Labrador CMS