Espen Gya er kjent som sokneprest i Sauda. Han er også ein ihuga fugleentusiast. Her oppe i Fløgstadområdet finn han både roen og eit vell av fugleartar å lytte til.
Espen Gya er kjent som sokneprest i Sauda. Han er også ein ihuga fugleentusiast. Her oppe i Fløgstadområdet finn han både roen og eit vell av fugleartar å lytte til. FOTO: Andreas Isaksen

Espen Gya: – Har sett eller høyrt over hundre fugleartar i Sauda

Fugleentusiast og sokneprest Espen Gya fortel om eit yrande fugleliv i Sauda. Han trur det ligg meir i fuglesongen enn berre instinkt og åtvaringar.

Ryfylke møter sokneprest Espen Gya ved huset hans oppe i øvste del av Fløgstad. Vi har spasert eit lite stykke opp vegen, der vi møter ein kjerreveg der det blir frakta nyslått gras med traktor opp frå grasslettene nedover. Skogholtet er berre eit par steinkast unna, og over oss er det ei lita flokk med måker som passerer. Dei syng med muntre tonar som på ingen måte høyrast ut som dei vanlege «Skal ha, skal ha» som ein gjerne forbinder desse fuglane med.

– Kvifor trur du fuglane syng?

– Eg trur kanskje vi menneske tenker litt for mykje fornuft når det handlar om fuglesong. Ja, visst brukar dei song som måtar å formidle for eksempel åtvaringar, til å hevde sitt revir eller for å lokke til seg ein make. Men eg trur også dei syng av glede. Hadde du kunna fly høgt oppe på himmelen og sjå ned på alt og alle, så hadde du nok hatt glede av det. Det trur eg fuglane også har, seier Gya.

– Stel ikkje mykje tid

Han fortel om forskjellige fuglar som ofte er å sjå og høyre i nærområdet. Først fortel han om låvesvala. Denne er relativt vanleg i Sauda. Gya fortel at låvesvala gjerne flyg berre nokre centimeter over markene, der den fangar insekt med ekstrem presisjon i farta. Songen frå låvesvala har eit heilt spesielt særpreg, ifølge Gya.

– Låvesvala synest eg høyrast ut som eit barn som ler og ler, og ikkje greier å stoppe. Det er ein veldig lystig song. Høyrest det ikkje ut som dei frydar seg? spør han.

Like etter at han har fortalt dette, kjem ei låvesvale susande forbi. Så ei til, og to til. Dei neste minutta er det mange låvesvaler å sjå over markene, og ganske riktig kan songen minne om barnelatter. Dei kom nesten som bestilt, låvesvalene.

Espen Gya er oppvakse på Randaberg, der han i tidleg alder fekk interessa for fuglar. Han fortel at han har ein stor fascinasjon for fuglar, og at det heile tida er nye ting å lære, nye fuglar å høyre og sjå. Likevel er det ikkje slik at hobbyen stel mykje tid.

– Nei, eg vil seie det slik at eg ikkje er ofte ute og går for å lytte etter fuglar, men at eg alltid lyttar etter fuglar når eg er ute og går, smiler han.

«Pleased to meet you»

Turane går ofte frå Fløgstadåsen, litt opp i høgda, gjerne i retning golfbana og til nokre tjørn som ligg eit stykke opp frå Rødstjødna.

– Der! Høyrte du? Det var bokfink, seier Gya og peiker i retning skogholtet.

Å kjenne igjen fuglesong er ei øving i seg sjølv. Korleis kjenner ein igjen dei ulike nyansane, lydane og ikkje minst meiningane med dei forskjellige? Gya har fleire eksempel på kjenneteikn han sjølv har notert seg.

– Eit eksempel er gulspurven. Den syng sju pip, der det siste er langt. Pip, pip, pip, pip, pip, pip, piiiiiip, demonstrerer han.

Høyrer du ein fugl som syng slik at det kan høyrast ut som den seier «Pleased to meet you», så er det mest sannsynleg ein rosenfink, medan «Chiff chaff» sannsynlegvis er songen til ein gransanger.

– Det er kompleks song, mykje av det vi høyrer. Og dei ulike nyansane i songen, kan ha forskjellige meiningar. Ein gong var det ein med god peiling på fuglar som sa til meg: «Høyr på fuglelydane. No er det rev i nærleiken». Og ganske riktig. Vi såg ut av vindauget, og der kom det ein rev luskande, fortel Gya.

Ikkje la deg lure av den nusselege utsjånaden. Svart-kvit flugesnappar er ein notorisk bustadsokkupant som ikkje nøler med å ta livet av meis om dei står mellom han og ein fin bustad, for eksempel i ei fuglekasse. FOTO: Rolf Selvik.

Rovfugl

Han har mange historier å fortelle om fugl, Espen Gya. Eit eksempel er songen frå storspoven. Langs kysten på Jæren finst det mykje storspov, ein vadefugl med ein karakteristisk song som er lett å kjenne igjen. Storspoven er imidlertid ikkje å finne i Sauda, ifølge Gya. Likevel har han høyrt storspovesongen her. Korleis heng det saman?

– Jo, det faktisk slik at det var stær som antakeleg har vore på same plass som storspov, og som etterliknar songen. Stæren kan etterlikne alt muleg, som andre fuglar, maskinar, menneskestemmar og mykje anna. Dette var altså stær som etterlikna storspov. Veldig fascinerande, seier han.

Han fortel vidare at mange fuglar endrar songen sin etter kva tid det er og kva dei er opptekne med å gjere.

– Eg har oppdaga at det er eit veldig klart skile rundt 15. juli. Då endrar det seg veldig i kva ein kan høyre. Det handlar om kva fuglane driv med. Gråtrost og måltrost får fleire kull, og då blir songen endra av det, fortel Gya.

– Kva med rovfugl? Kva artar har du observert i Sauda?

– Eg har sett kongeørn, havørn, fjellvåk, ulike typar hauk og  vandrefalk, for å nemne nokre. Ein gong såg eg ein fjellvåk som flaug over meg ved Flatskårnuten. Plutseleg høyrte eg ein slags kvinande lyd, som ein drake som fór i full fart. Det var ein vandrefalk som stupte ned for å skremme bort våken, fortel han.

Vandrefalken er verdas raskaste dyr. Når den stupar, kjem den opp i hastigheiter på nær 390 kilometer i timen.

– Korleis skil ein kongeørna og havørna frå kvarandre?

– Havørna, som i hovudsak er ådseletar, kjenner ein igjen på vingene, som ser ut som to plankar som står rett ut til sides. Kongeørna, som jaktar meir, har vinger som bøyer seg litt framover og spriker med fjæra. Det er ein del av begge desse artane her i Sauda, seier han.

Dette spektakulære bildet viser ei havørn, som blir iakttatt frå trygg avstand av ei skjære. FOTO: Rolf Selvik

Rotne tre

På ny er det som om soknepresten har kontaktar som journalisten ikkje er like kjent med. For over hovuda på oss kjem det ei stor havørn flygande. Den flyg langt på kvart vingeslag, og verkar upåvirka av kråka som kjem halsande bak den for å jage den. Storleiksforholdet er påfallande.

– Det er verkeleg flotte dyr, seier Gya.

Vi blir ståande stille eit augeblikk og berre sjå. Naturen kan gi spektakulære opplevingar, om ein berre tar seg tida til å stoppe opp. Sjå. Lytte.

Furukorsnebb. Både denne og grankorsnebb finst i Sauda. FOTO: Rolf Selvik.

Espen Gya fortel vidare. Han fortel om den raudlista granmeisen. Om den siste, nye fuglen han har oppdaga i Sauda, gulspurven. Han fortel om furukorsnebb og grankorsnebb. Om rugde. Om grønspett.

– Grønspetten er verkeleg ein flott fugl, med sine grøne og raude fargar. Den liker best å hakke seg plass i litt halvrotne trestammar. Rotne tre er også den trua granmeisen heilt avhengig av. Derfor er det viktig at vi menneske lar rotne tre bli ståande, og lar naturlege prosessar i naturen få gå sin gang. Det er viktig for insektslivet, og dermed også for fuglane, seier han.

Grønspetten er ein av dei mest fargerike artane vi har i Sauda. Dette bildet er tatt av fotografen Rolf Selvik, som har latt Ryfylke få låne alle bilda av fuglar på desse sidene. Grønspetten er glad i maur, og byggar helst reir i rotne stammar. FOTO: Rolf Selvik.

– Flotte skapningar

Vi spaserer tilbake mot sokneprestens bustad. Ute i hagen er det ein flekk under eit tre, der det ligg tett i tett med solsikkefrø. Her heng fuglematen om vinteren. Blant dei faste gjestene er gråspurv, kjøtt- og blåmeis, spettmeis og ei heil remse av andre fuglar som er på leit etter mat i den kalde årstida.

– Eg har sett eller høyrt meir enn hundre artar i Sauda, og stadig oppdagar eg artar. Det er både avslappande og kjekt på same tid. Dei er flotte skapningar, fuglane. Det er stadig noko nytt å lære, smilar Gya.

Over markene rundt oss susar den eine låvesvala etter den andre. Songen, som no har fått ny betydning for journalisten, er verkeleg som leikande barn som ler og ler. Det er ei kjensle av sommarglede og optimisme, som vi tar med oss vidare i dagen. Jo, visst høyrast det ut som dei frydar seg, fuglane.

Grønnsisik er ikkje eit uvanleg syn i Sauda. FOTO: Rolf Selvik.