Auke i antallet arbeidsledige i Sauda
591 fleire var arbeidsledige i juli i Rogaland samanlikna med same månad i fjor.
Det totale antallet arbeidssøkarar auka frå i fjor. I Sauda var det 23 heilt ledige i juli. Det er to fleire enn same månad i fjor. Arbeidsledigheita i Suldal har også auka frå i fjor. Dei hadde 21 arbeidsledige i juli i år, noko som er tre fleire enn i fjor.
I Rogaland er det flest arbeidsledige i alderen 30 – 39 år. Det var 1575 arbeidsledige i denne aldersgruppa i Rogaland i juli. 832 av desse var kvinner og 743 var menn.
Sjølv om antallet arbeidssøkarar har auka så har antallet delvis ledige gått ned med 455 personar.
– Nedgangen i delvis ledige i juli, skyldes både at ein del til går fra å jobbe deltid til fulltid som følge av meir aktivitet innan enkelte bransjar, men også at ein del går fra å vera delvis ledige til heilt ledige, seier Merethe P. Haftorsen, direktør i NAV Rogaland.