Ein lastebil hamna utanfor vegen ved Honganvik søndag ettermiddag.
Ein lastebil hamna utanfor vegen ved Honganvik søndag ettermiddag. FOTO: Google Maps.

Lastebil av vegen – ringte sjølv politiet

Ein lastebil hamna utfor vegen og måtte ha assistanse søndag ettermiddag.

Sjåføren av ein lastebil ringte sjølv til politiet og til bergebil då kjøretøyet hamna utfor vegen søndag ettermiddag ved 13-tida. Det er politiet som opplyser dette overfor Ryfylke.

Lastebilen skal ha hamna utfor køyrebana på fylkesveg 520 i nærleiken av Honganvik, og sjåføren skal ikkje ha makta å få den inn på vegen igjen utan assistanse. Uhellet skal ikkje ha vore til hinder for anna trafikk, og ved hjelp av bergebil skal lastebilen ha kome på rett kjøl igjen utan problem.

Politiet opplysar at det ikkje er snakk om personskadar eller store materielle skadar, og at det ikkje er oppretta noko sak i samband med uhellet.

Ryfylke skreiv opprinneleg at uhellet skjedde ved Hogganvik. Dette blei retta klokka 11.41.