Men er dette smilefjeset eigentleg så viktig? Ryfylke spør Mariana Mileva, innehavar av restauranten Felix.
– Ja, det er absolutt viktig, og vi er glade for at alt har vore bra under sist kontroll. Dette er noko kundane ser med ein gong. Om ein ikkje får smilefjes, blir det nok lagt merke til, fortel ho.
– Gått greitt
Mileva og restauranten Felix fekk ikkje smilefjes, men eit fjes med «strekmunn» då Mattilsynet haldt sin kontroll i sommar i fjor. Årsakene var manglande tilgang på toalett for tilsette, samt manglar på ventilasjonsanlegget. Begge desse manglane blei retta opp. Likevel var resultatet og plakaten på døra ei påkjenning, fortel ho.
– Det er nok ikkje slik at mange les kva som står med lita skrift på plakaten. Dei ser eit ansikt utan smil, og det kan vere nok til at dei snur i døra. Heldigvis har dette gått greitt for vår del, seier Mileva.
Full pott i Sauda
Ved siste kontroll har samtlege sju spisestader i Sauda sentrum fått beste karakter av Mattilsynet. I tillegg til nemnte Felix restaurant og Pizza House, har Mattilsynet det siste året besøkt Andrea’s kafé, Capri Restaurant, Rysteg Bakeri og Kløver Hotell og kafé. Mixen / Pizzabakeren hadde sist tilsyn i oktober 2022.
Samtlege av desse kontrollane enda med grøne lys og smilefjes. Mariana Mileva fortel at det ligg mykje arbeid i restaurantdrift, og at det er mange ballar å halde i lufta til ein kvar tid.
– Folk tenker nok med éin gong på hygiene og oppbevaring av matvarer når dei ser denne plakaten i døra, men om ein får punkter som ein må utbetre, kan det også vere heilt andre ting det dreier seg om, som innleverte skjema, rutinar med godkjenningar og så vidare. Det er enormt mykje å halde styr på, og for min del har det vore mykje å lære undervegs. Maten er berre ein del av det vi brukar tida på. Det siste året har vore krevjande for oss, men alt er bra i dag. Vi er veldig glade for at så mange vil spise hos oss, smilar ho.
Mange sjekkpunkt
Når Mattilsynet kontrollerer spisestader, er det ikkje berre mathandteringa som blir kontrollert. Lokala si utforming, vedlikehald og mulegheiter for handvask og toalett er nokre eksempel. Når det gjeld mathandteringa blir det kontrollert blant anna korleis rutinane er for tining av mat, kva rutinar som finst for kjøling og varmebehandling av mat, samt kva risiko det er for at matvarer blir forureina. Også merking og sporbarheit på matvarer blir kontrollert. Det same blir markering av allergen i matvarene.
Artikkelen er laga ved hjelp av blant anna verktøy frå Samarbeidsdesken.
Dette er Mattilsynets karakterskala
0 = Ingen brot på regelverket funne. Stort smil.
1 = Mindre brot på regelverket som ikkje krev oppfølging. Stort smil.
2 = Brot på regelverket som krev oppfølging. Strekmunn.
3 = Alvorleg brot på regelverket. Sur munn.
4 = Ikkje aktuelt – Verksemda har ikkje denne aktiviteten ved tilsynsobjektet. Påverkar ikkje smilefjeskarakter.
5 = Ikkje vurdert – Mattilsynet har ikkje vurdert kravpunktet ved dette tilsynet. Påverkar ikkje smilefjeskarakter. Dersom det hadde blitt avdekka mistanke om vesentlige eller openbare avvik i sambandmed inspeksjonen, ville kravpunktet blitt vurdert.