Narin er 18 år og bur i Sauda. Ho har hatt bilsertifikatet sidan februar. Ryfylke møtar ho i Sneath´s park for å høyre kva ho synes om køyring og mobilbruk.
– Eg bruker ikkje mobilen når eg køyrer. Eg får streng beskjed av pappa kvar dag om at det ikkje er greitt, seier ho.
Ho fortel at ho veit om mange som brukar mobilen når dei køyrer. Dette synes ho er veldig trist.
– At så mange bruker mobilen gjer nok at mange blir litt bekymra. Om dette held fram vil nok mange bli litt redde for å blant anna la barna gå ute der bilar kan køyre. For det er jo slik at barn kan ha vansker med å sjå og høyre bilar og då kan det gå gale, seier ho.
Malin Helland Amdal (17) er også ein ung trafikant i Sauda. Ho synes heller ikkje at det er greit at ein bruker mobilen under køyring.
– Det er dumt at folk bruker mobilen under køyring. Dei er til fare for seg sjølv og andre i trafikken, seier ho.
Hovudårsak til dødsulukker
– Uoppmerksemd er ein av hovudårsakane til dødsulukker på norske veger. Mobiltelefon er dessverre ein av grunnane til dette – det er ikkje mogleg å kombinera bruk av telefon med trygg køyring på vegen, sjølv ikkje for ungdom. Det er ikkje berre dei som syndar, men det er urovekkande at over halvparten av dei ferskaste sjåførene let seg frista av mobilen mens dei køyrer, seier fagdirektør i Trygg Trafikk, Tanja Loftsgarden, i ei pressemelding om undersøkinga, der over 2000 ungdommer mellom 15 og 24 år har svart.
Det er ulovleg å bruke håndholdt mobil bak rattet. Trygg trafikk har saman med utrykningspolitiet bedt om å få tydelegare reglar.
– Med dagens teknologi kan det vere vanskeleg for politiet å slå ned på mobilbruk i bil. Dagens forskrift er gammal og utdatert, derfor har vi bedt justisministeren og samferdselsministeren om å gjere kva som er lov og ikkje meir tydeleg. Ein viktig endring vil vere at det blir ulovleg å halde telefonen mens du køyrer. Ein slik presisering vil gjera det enklere for politiet å handheva loven, men også enklere for sjåførar å forstå kva som er tillatt. I tillegg oppfordrar vi alle til å sette mobilen i bilmodus eller slå på funksjonen «ikkje forstyrr», då slipp ein å bli forstyrra av varsler mens ein køyrer, seier Loftsgarden.
Lese meldingar eller bytta song
Undersøkingar viser at ungdom bruker sju timar på skjerm dagleg. Då kan det vere vanskeleg å legge fra seg telefonen under køyring. Dei aller fleste som bruker mobilen når dei køyrer brukar den til å svara på meldingar frå vener og familie, men også for å bytta song. Blant ungdom i dag er det meir vanleg å kopla mobilen sin til bilen og høyra musikk via den, enn å høyra på radioen.
Voksne må sette standarden
Dårlige vanar og haldningar går gjerne i arv. Ein må vere bevisst på kva slags forbilde ein er for ungdom når ein sjølv køyrer bil.
– Det er vi voksne som må sette standarden for kva som er greit når vi køyrer bil. Vi må starte med oss sjølv viss vi ønsker ei endring hos ungdommene. Ser dei at mor eller far sjekker telefonen mens de køyrer, så vil dei unge ta etter. Når vi veit kor lite som skal til før ein mistar oppmerksemda når ein køyrer bil, og kor store konsekvensane kan bli, må vi ta dette på alvor, avslutter direktør for Skade Motor i Gjensidige forsikring, Elisabeth Ingvaldsen, i pressemeldinga.