Sauda er blant landets aller best drivne kommunar, om ein legg Kommuneindeksen 2024 til grunn. Kommunedirektør Vegard Thise (innfelt) kallar den gode plasseringa for hyggeleg, men minnar om at ulike kåringar gir ulike resultat. Foto: Portal Norge.
Sauda er blant landets aller best drivne kommunar, om ein legg Kommuneindeksen 2024 til grunn. Kommunedirektør Vegard Thise (innfelt) kallar den gode plasseringa for hyggeleg, men minnar om at ulike kåringar gir ulike resultat. Foto: Portal Norge. FOTO: Arkiv.

Sauda med utruleg hopp på kommuneindeksen: – Best i landet på éitt område

Sauda kommune klatra ikkje mindre enn 179 plassar på Kommuneindeksen 2024. På årets indeks er Sauda landets nest best styrte kommune. På éitt område er Sauda aller best i Norge.

Sauda er landets nest best styrte kommune, om ein skal legge årets kommuneindeks til grunn. Her har Sauda hoppa frå ei plassering på 180. plass i fjor, til ein andreplass i år. Kommuneindeksen er utarbeidd av Agenda Kaupang og basert på data frå Statistisk sentralbyrå sine KOSTRA-tal for 2023, samt frå andre databasar hos blant andre Folkehelseinstituttet, Sosial-og helsedirektoratet, samt Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Indeksen er også basert på målingar av kommunanes kostnader og finansar, samt kommunens tenestekvalitet i 13 ulike sektorar. Samla skal indeksen gi eit heilheitleg inntrykk av kommunens drift. For to år sidan var Sauda plassert på 197. plass i indeksen. I år er det altså kun éin kommune som kjem betre ut, nemleg Aukra kommune.

– Hyggeleg

Kommunedirektør Vegard Thise og ordførar Håvard Handeland er denne veka deltakarar under Arendalsuka. Kommunedirektøren fortel at han ikkje har hatt tid til å lese heile rapporten til kommuneindeksen, som blei gjort offentleg tysdag morgon. Han skildrar likevel Sauda sitt store hopp i indeksen som gledeleg.

– Det er veldig hyggeleg. Det visar at det omstillingsarbeidet Sauda driv, gir resultat. Noko av grunnen til det, er nok at eit samla kommunestyre har vore villig til å ta dei nødvendige grepa med tanke på kostnadsnivået på drifta av kommunen. Kåringa er sjølvsagt ein inspirasjon, men ulike kåringar gir ulike resultat. Det er korleis vi gjer det i det lange løp som blir avgjerande, seier han til Ryfylke.

Store forskjellar

Som mange andre kraftkommunar i Norge, skårar Sauda svært høgt i Finansindeksen, der kun åtte kommunar i Norge ligg høgare på lista. I rapporten som følger indeksen er det skildra aukande forskjellar mellom dei «rike» og dei «fattige» kommunane. Den største variasjonen skal vere å finne blant dei mindre kommunane.

Kostnadar, kvalitet og finansar tel likt i kommuneindeksen. Blant Agenda Kaupang sine funn i indeksen, er det blant anna nemnt at det ikkje er nokon nemneverdig samanheng mellom storleik på kommune og kvaliteten som blir ytt.

Sauda på topp

Sauda toppar imidlertid éin tabell i kommuneindeksen, nemleg effektivitetsindeksen for landet mest effektive skulekommunar. Kort forklart blir denne indeksen basert på ei lik vekting mellom kommunanes kvalitet i tenestane – og kostnadane kommunen har med tilbodet sitt. Med i dette reknestykket er mange faktorar. Både skulelokale, skuletilbod, skuleskyss, SFO og tilbod om vaksenopplæring i kommunen er tatt med. For måling av kvaliteten, er blant anna ulike nasjonale prøvar og undersøkingar om trivsel nytta som grunnlag. Som ein kan lese av tabellen, kjem Sauda best ut både på effektivitet og kostnader, medan plasseringa er noko lågare for kriteriet kvalitet.

Tal og data som ligg til grunn for topplasseringa er frå 2023.

Kommuneindeksen 2024 «Best styrte kommunar»

Kommune Plassering Plassering i fjor
Aukra 1 5
Sauda 2 180
Vaksdal 3 224
Krødsherad 4 1
Sandefjord 5 10

Kjelde: Rapport: Kommuneindeksen 2024

Kommuneindeksen 2024 «Mest effektive skulekommunar»

Kommune Rang Effektivitet Rang Kostnader Rang Kvalitet
Sauda 1 1 105
Rindal 2 2 35
Kvitsøy 3 9 21
Lom 4 73 3
Nordre Follo 5 10 40

Kjelde: Rapport: Kommuneindeksen 2024