Fleire av Ryfylke sine app-brukarar har dei siste dagane opplevd problem med tenesta. Blant anna opplever brukarar at appen stenger ned utan grunn, samt at appen ikkje lar seg starte utan å stenge ned umiddelbart.
Ryfylke er i kontakt med leverandøren av appen, som opplyser at det blir jobba med å rette opp i problema så raskt som muleg.
Ryfylke beklager ulempene dette medfører, og satsar på ei rask løysing. I mellomtida kan Ryfylke lesast som vanleg på nettplattforma.