Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto. FOTO: Arkiv.

576 saudabarn klare for skulestart: – Trur debatten kan bli tema i undervisninga

Denne veka startar skulen opp igjen etter sommarferien. I eit skuleår der heile oppvekstsektoren er under lupa, er kommunalsjef oppvekst, Målfrid Selvik Årthun, trygg på at alle tilsette er fullt fokuserte og klare for kvardagen.

Sekkane er pakka, penalhusa har fått ein siste finpuss og blyantane er kvessa, sjølv om nyopplada nettbrett ligg klare på dei fleste skrivepultar. Det er tid for skule, barnehage og kvardag igjen.

Dette skuleåret fordeler dei 576 skulebarna seg med 83 barn på Risvoll skule, 151 barn på Fløgstad skule og 163 barn på Austarheim skule. 179 barn skal gå på Sauda ungdomsskule dette skuleåret. 149 barn er påmeldte skulefritidsordninga ved dei tre barneskulane.

Tal for barnehagane

Skulen i Sauda har 92 tilsette som står klare til å ta imot dei små og store barna. Ved inngangen av det kommande skuleåret har Risvoll skule 16 tilsette, Fløgstad skule har 26, Austarheim skule har 22, medan ungdomsskulen har 28 tilsette i forskjellige stillingar.

På vaksenopplæringa i Sauda er det meldt på 62 deltakarar for kommande skuleår.

Barnehagane i Sauda har opptak av barn heile året, så tala for desse vil variere gjennom året. Status ved oppstart etter ferien er imidlartid at Leabøen barnehage har 39 barn og 13 tilsette i ulike stillingar og stillingsprosentar. Veslefrikk barnehage har 78 barn og 23 tilsette, medan Rustå Barnehage har 41 barn og 12 tilsette. I den private barnehagen Brakamoen er det 38 barn og 13 tilsette.

Flaggheising er ein tradisjon ved skulestart. Her er det nokre førsteklassingar ved Risvoll skule som får heist flagget i 2021. FOTO: Arkiv.

Debatt på personalromma

Alle tala er levert av kommunalsjef oppvekst, Målfrid Selvik Årthun. Ho vedgår at det er eit spesielt skuleår vi går inn i, med ein oppvekststruktur som er under lupa frå alle hald, samt ein debatt som har skapt svært høgt engasjement. Når dei små og store barna går inn portane til skulane og barnehagane sine etter ferien, er ho imidlertid sikker på at alt vil være trygt, kjent og av god kvalitet.

– Eg veit at dei tilsette har fullt fokus på oppdraget, som er å gi alle barn og unge eit trygt og godt fagleg og sosialt tilbod. Eg vil tru det både er dialog og debatt om barnehage- og skulestruktur på personalromma, seier ho.

Selvik Årthun trur også barna kan bli inkludert på ein positiv måte, ved å bruke debatten som eit eksempel.

– Saka kan vere ein god innfallsvinkel til undervisning om korleis lokaldemokratiet fungerer, det å lære barn og unge til å sjå ei sak frå ulike sider, til å formulere og presentere gode og saklege argument, samt til respektfull og god debatt utan personangrep, seier ho til Ryfylke.

Skulane i Sauda har hatt planleggingsdagar dei første tre dagane denne veka, og elevane har første skuledag torsdag.