Joel (6) klatrar opp sklia i staden for å renna ned.
Joel (6) klatrar opp sklia i staden for å renna ned. FOTO: Tiril Høiland

Denne veka startar Joel (6) på skulen: – Eg er spent

Torsdag startar eit heilt nytt skuleår for elevane på barneskulen og ungdomsskulen i Sauda. Mange skal starta på ein ny skule, medan andre skal fortsette på same skulen som i fjor.

Torsdag denne veka skal 45 barn ha sin aller første dag på skulen. I år begynner det sju førsteklassingar på Risvoll skule, 16 på Fløgstad skule og 22 på Austarheim skule.

Startar i første klasse

Joel Odland er seks år. Han har hatt sin siste dag i Brakamoen barnehage i sommar. Torsdag skal han ha sin aller første skuledag på Risvoll skule. Han og pappa Are Odland møter Ryfylke utanfor Risvoll skule i Saudasjøen nokre dagar før skulestart. Joel har med seg skulesekken sin som han har fått av mamma og mormor. På den er det bilde av dinosaurar og oppi ligg det fleire skulesaker som passar perfekt til dinosaursekken.

Kan gå til skulen

– Eg er spent på å begynna på skulen, seier Joel.

Pappa Are fortel at dei har telt ned dagane til første skuledag. Første skuledag er det mamma og pappa som skal følge han til skulen, men på fredag skal han ta følge med Sverre og Håkon. Sverre er nesten nabo med Joel og dei skal begynne i klasse saman. Sverre og Joel har ikkje så lang veg å gå til skulen. Difor går det fint å gå.

Godt forberedt

I 1. klasse lærar ein om bokstavar og tal. Ein lærar også å lesa litt. Dette har Joel allereie god kontroll på. Han fortel at han kan telja heilt til 190. Å lesa kan han også. Han og mamma har vore med på «sommarles» i sommar. Dei har lest mange bøker og Joel fortel at han har greidd å få fem premiar i løpet av sommaren. Å kunne lesa og telja er eit godt utgangspunkt når ein skal begynna i første klasse, men Joel kan snakka engelsk også. Han fortel at han nokre gonger snakkar engelsk saman med mormor.