Flaggheising og skulestart. Denne veka startar eit spesielt skoleår i Sauda.
Flaggheising og skulestart. Denne veka startar eit spesielt skoleår i Sauda. FOTO: Arkiv.

Ein spesiell skulestart

Sauda har ein arbeidsstab på 153 menneske med uvurderleg kompetanse, skriv Ryfylke i denne vekas leiar.

Dagens Ryfylke gjenspeglar i stor grad det som er kommunens mest omtalte tema – oppveksttilbodet i Sauda. Barnehagane og skulane våre er ein så naturleg del av kvardagen at ein vanlegvis tar dei for gitt. Dei har «alltid vore der og vil alltid vere der». Denne sommaren har saudabuen innsett at det ikkje nødvendigvis er tilfellet. Vi kan gå mot ei tid med store endringar.

Torsdag startar skulen opp igjen etter ferien. Gjennom ei klasseromsdør trår ein liten tass forsiktig inn og ser seg ikring. Med ny sekk og nølande blikk ser han mot sine klassekompisar. Dei er alle spente. Usikre, men likevel meir klare enn nokon gong før. Det er ei ny verd som skal utforskast og meistrast. Det er skummelt, men i møte med skuletilsette som brenn for jobben og gler seg til å ta fatt på skuleåret, tar det ikkje lang tid før den litle saudabuen kjenner seg heime på skulen.

I eit bygg ein kilometer unna, er ein vaksen saudabu tilbake frå sin velfortente ferie. Ho trakkar forsiktig inn døra på rådhuset, der ho møter dei andre folkevalde. Det er ikkje meir enn eit par veker sidan skulen starta. Ho har lest dei mange høyringsuttalane til saka om framtidig oppvekst i Sauda. Kva no? Ho kjenner på ansvaret. Kva er den beste løysinga? Kva skapar det beste fagmiljøet og dei beste sosiale rammene? Kva bidrar til å skape bulyst i Sauda?

I dagens Ryfylke kan du lese at Sauda kjem ut som ein av landets sterkaste kommunar når det kjem til effektiv skuledrift, etter at Kommuneindeksen 2024 blei presentert tysdag. I tillegg har kommunen klatra opp til andreplass i indeksen «Best styrte kommune». I Sauda har 153 tilsette i skule og barnehage bretta opp ermane og tatt fatt på arbeidet. Det er ein arbeidsstab med uvurderleg kompetanse. På same måte som foreldre kjenner sine barn best, kjenner desse fagfolka skule- og barnehagekvardagen best, både sosialt og fagleg. Både blant foreldre og oppveksttilsette er det delte meiningar om kva som er den beste vegen vidare.

Uansett kva løysingar Sauda sine folkevalde til slutt går for, er det betryggande å vite at svært mange har nytta sin mulegheit til å gjere seg høyrt. At dei folkevalde lyttar grundig til dei innspela som er levert i løpet av sommaren, er ein sjølvfølge.