Vegvesenet la klokka 13.00 ut melding om at eit kjøretøy har stansa på Fylkesveg 520 mellom Hellandsbygd og Breiborg, og gjer at vegen per no er stengt heilt for kjøretøy over 7,5 tonn. For andre kjøretøy har vegen status «fare for stengt veg».
Ryfylke får opplyst på telefon med Vegvesenet at det er ein lastebil som har kjørt seg fast og står delvis i grøfta. Det skal vere muleg for mindre kjøretøy å ta seg forbi.
Vegvesenet har lagt ut meldinga med førebels varighet fram til laurdag ettermiddag, men Ryfylke får opplyst på telefon at meldinga frå staden er at berging etter alt å døme vil ta nokre få timar. Dette blir det lagt ut melding om på Vegvesenets kanalar.
Har du bilder frå staden? Send dei gjerne til oss.