Onsdag er det klart for nytt folkemøte om framtidas oppvekst i Sauda. Denne gong skal den politiske leiinga i kommunen leie møtet. Bildet er frå folkemøtet om same tema i juni.
Onsdag er det klart for nytt folkemøte om framtidas oppvekst i Sauda. Denne gong skal den politiske leiinga i kommunen leie møtet. Bildet er frå folkemøtet om same tema i juni. FOTO: Andreas Isaksen

Nytt folkemøte om oppvekst: – Særleg sterkt engasjement rundt overgangsordninga i skulen

Onsdag blir det nytt folkemøte om framtidas oppvekst i Sauda. Denne gong er det den politiske leiinga som arrangerer møtet.

Høyringsperioden for planane for framtidas skule og barnehage i Sauda er avslutta. Som venta har svært mange saudabuar engasjert seg og gitt sine uttalar. Mange utdrag frå desse blei presentert i torsdagens utgåve av Ryfylke. Utdraga kan du lese i denne artikkelen.

Det er den politiske leiinga i kommunen som har ansvaret for onsdagens folkemøte. Det er ordførar Håvard Handeland som skal leie møtet. Vi spør han kva tankar han har om det massive engasjementet saka har skapt i Sauda.

– I saker som dette vil nok alltid engasjementet gløde ekstra sterkt. Det kan verke sjølvsagt, men det gir også eit bilde på at lokaldemokratiet fungerer, og at både veljarar og andre ser lokale folkevalde sitt høve til å treffe framtidsformande vedtak. Med eit omfattande kunnskapsgrunnlag i bånn har engasjementet vorekonstruktivt, og ein diskusjon eg trur vil påverke korleis vi tenker rundt oppvekst, uavhengig av utfall i denne runden, svarar han.

Kva inntrykk sit du med etter å ha lest dei mange høyringsuttalene til saka?

– Først og fremst et inntrykk av at dei aller fleste høyringsinnspel delar utfordringsbildet, sjølv om det er delte syn på kva organisering ein er best tent med. Fleire høyringsinnspel, frå både private og offentlege einingar, gir også gode råd og vurderingar som blir tatt med i det vidare arbeidet. Særleg sterkt engasjement har overgangsordninga fått i fleire innspel. Det er til stor nytte i det politiske handverket, seier Handeland.

Kva forventningar har du til folkemøtet onsdag?

– Eg har ei forventning om godt oppmøte, gitt engasjementet i lesarbrevsspaltar, sosiale media og deimange høyringsinnspela som er levert. Dette, som folkemøtet om budsjett, bygger enkelt og greitt på tanken om at medverknad og felles eigarskap til saka, særleg det som er av fakta, gir eit betre resultat. Eg har og en forventning om eit framleis konstruktivt ordskifte, der spørsmål endar med spørsmålsteikn og takhøgdatillèt røyster frå alle retningar, seier ordføraren.

Ordførar Håvard Handeland skildrar glødande engasjement i oppvekst-saka. Onsdag skal han og resten av den politiske leiinga i kommunen arrangere nytt folkemøte om saka. Han trur på godt oppmøte. FOTO: Arkiv.

Kommunalsjef oppvekst, Målfrid Selvik Årthun, deler ordførarens tru på eit konstruktivt folkemøte onsdag.

– Eg håpar først og fremst at oppmøtet blir bra, og at oppmøte og engasjement i salen speglar at dette er ei sak der folk har ulike meiningar. Utover det håpar eg jo at dei vaksne er gode førebilde for barn og unge når det gjeld sakleg og respektfull debatt. Ikkje minst håpar eg også at barnehage får ein plass i debatten, seier ho til Ryfylke.