Alf Haugland syns det er trasig å måtte ha hjelp til å ta seg fram til bussen på Ropeid kai.
Alf Haugland syns det er trasig å måtte ha hjelp til å ta seg fram til bussen på Ropeid kai. FOTO: Andreas Isaksen

Bevegelseshemma og hjartesjuke Alf (75):

– Bør tilretteleggast betre på Ropeid kai

Alf Haugland (75) er avhengig av rullator for å bevege seg rundt. Han er ikkje fornøgd med korleis det gjekk då han skulle kome seg frå hurtigbåten til bussen på Ropeid Kai.

– Eg hadde vore på sjukehuset i Stavanger i samband med oppfølging av pacemakeren min. Eg er for svak til å ta meg fram utan rullator, og blei frakta med drosje heilt til kaia i Stavanger då eg skulle heim. Men då eg hadde kome meg i land på Ropeid for å ta bussen siste biten inn til Sauda, då blei det vanskeleg, fortel han.

Å ta seg i land på rampa frå båten gjekk heilt fint. Haugland fortel at kaia og båtrampa er bra utforma med tanke på bevegelseshemma. Det var då han skulle kome seg til bussen det blei vanskeleg.

– Bussen stod i ei busslomme der passasjerane må trakke opp eit trinn for å kome seg på bussen. Eg stod der og sleit med å kome meg opp, men noko hjelp frå sjåføren som sat i bussen, det fekk eg ikkje. Han rikka seg ikkje. Det var medpassasjerar som tok i eit tak og hjalp meg. Sånt som dette burde vere unødvendig på den kaia. Kvifor treng ein å ha ei slik hindring, spør han.

– Trasig

Haugland er hjartesjuk. Han bur i Sauda, og fortel at han er spesielt engasjert i framkommelegheit for alle, også dei som er avhengige av hjelp i kvardagen. Han har sjølv mange år bak seg som yrkessjåfør. Han synest det er trasig å ikkje få hjelp av dei som har jobben med å frakte folk frå ein stad til ein annan.

– Eg meiner at hurtigbåten er den heilt klart beste måten å ta seg fram og tilbake til Stavanger. Det er mykje som er bra med tilrettelegginga heile vegen, men akkurat denne hindringa på Ropeid Kai synest eg er unødvendig. Kanskje burde også bussane som korresponderer med båten, ha mulegheit til å heise opp elektriske rullestolar. Då hadde ein gjort denne reisemulegheita tilgjengeleg for alle, også dei som reiser til Stavanger i samband med helse, avsluttar han.

Kolumbus svarar

Selskapet Kolumbus, som eig hurtigbåt- og busstransporten mellom Stavanger og Sauda, har blitt førevist opplevinga til Alf Haugland. Kommunikasjonsrådgivar Morten Nesvik opplysar at det ikkje er transportselskapet, men vegeigar som har ansvaret for sjølve haldeplassen på Ropeid Kai.

– Det er veghaldar som er ansvarleg for utforminga av haldeplassar. Vi tar med oss denne tilbakemeldinga og ser på utforminga av busslomma, seier han til Ryfylke.

– Bør ikkje sjåførane hjelpe til når dei ser at passasjerar treng hjelp?

 – Ja, det skal dei gjere. Det er viktig at kunden tar kontakt med oss slik at vi kan ta det vidare med selskapet. Kundar skal ikkje vere avhengige av at andre passasjerar hjelper dei på bussen, svarar Nesvik.

Kommunikasjonsrådgivar i Kolumbus, Morten Nesvik, seier at passasjerarar ikkje skal ha slike opplevingar som Alf Haugland skildrar. Når det gjeld utforminga av busslomma, visar han til vegeigar. FOTO: Elisabeth Tønnessen.