Svært mange abonnentar har ikke fått torsdagens avis. Ryfylke har delt ut alt vi hadde av ekstra aviser, men det er dessverre heilt tomt  . Avisa jobber iherdig med å få problemet løyst.
Svært mange abonnentar har ikke fått torsdagens avis. Ryfylke har delt ut alt vi hadde av ekstra aviser, men det er dessverre heilt tomt . Avisa jobber iherdig med å få problemet løyst. FOTO: Andreas Isaksen

Ingen fekk papiravisa:

Store problem med distribusjonen: – Ryfylke beklager sterkt

Svært mange abonnentar opplevde torsdag at avisa ikkje kom som den skulle. Ryfylke beklagar dette sterkt, og opnar samtidig alle denne vekas artiklar på nett.

Fleire abonnentar kontakta torsdag Ryfylke på grunn av manglande avis i postkassa. Fredag har telefonane ringt kontinuerleg. Problemet med distribusjonen verkar å ha ramma svært mange.

Ryfylke har delt ut avisar til alle som har kome innom lokala våre i sentrum, men allereie klokka 10.30 er alle avisene delt ut.

Vi veit førebels ikke kva som har forårsaka den store svikten i distribusjonen, men vi vil jobbe på spreng for å få dette løyst så fort og grundig det lar seg gjere. Ryfylke beklagar det inntrufne sterkt.

Vi ber om at abonnentar som ikkje har fått avisa, ikkje ringer oss, då vi ikkje har kapasitet til å svare på alle henvendelsane. 

Dagleg leiar i Ryfylke, Ingvil Bakka, er for tida på ferie, og har derfor ikke vore tilgjengeleg for publikum denne veka. Ho beklagar situasjonen sterkt overfor dei mange som ikke har fått avisa dei abonnerer på.

– Vi vil jobbe iherdig med å finne ut kor distribusjonen har svikta, lovar ho.