Etter at Posten overtok distribusjonen av papiravisene til Ryfylke, 1. juli i år, har det fleire gonger vore store utfordringar på sjølve utgivelsesdagen.
Nå, torsdag ettermiddag, har Ryfylke fått beskjed om at det nok ein gong er problem med å få levert ut papiraviser til fleire av abonnentane i Sauda.
– Posten opplyser at det manglar hundre papiraviser til abonnentar i Saudasjøen – og 100 papiraviser til abonnentar i Sauda. Dette er kjempefrustrerande, seier Jane Haukeland, abonnement-ansvarleg i avisa Ryfylke.
I følge Posten kan dette bety manglande papiravis for bebuarar i følgande område: Svandalsvegen, Sandvikåsen, Sandvikdalen og Saua Gard – og Søndenålia, Søndenåhaugen, Litlamo, Egne Hjem, Andersengja og Engja-området.
Målet er at desse abonnentane skal få papiravisa i postkassane sine i morgon, fredag. Dette kan verken Posten eller Ryfylke garantera.
Ryfylke beklagar ulempene og frustrasjonane, og har tatt kontakt med Posten sentralt med krav om opprydding i distribusjonsutfordringane dei slit med.
Elles blir det minna om at e-avisa, altså ei elektronisk utgåve av papiravisa, er tilgjengeleg for alle abonnentar med innlogging.