Haugesund Flyplass Karmøy meldar ikkje om forseiningar eller innstillingar fredag, men varslar at dette kan endre seg.
Haugesund Flyplass Karmøy meldar ikkje om forseiningar eller innstillingar fredag, men varslar at dette kan endre seg.

Utfordrande fly-vêr: – Førebels ingen innstillingar på Karmøy

Avinor varslar forseiningar og innstillingar på fleire flyplassar på Vestlandet og i Midt-Norge utover dagen fredag. Førebels går alt som planlagt på Haugesund Flyplass Karmøy.

Publisert Sist oppdatert

Driftssjef ved Haugesund Flyplass Karmøy, Jan Ove Solstrand, opplyser fredag morgon at det førebels ikkje ligg an til forsinkingar utover dagen, trass snømengdene som har falt i store delar av landet.

– Det kan endre seg i løpet av dagen. Det er utfordrande vêrforhold og det blir jobba godt for å sikre best mulig landingsforhold, seier han til Ryfylke litt før klokka 09.00.

– Snør mykje

På Stavanger flyplass meldar Avinor at Widerøes fly til Aberdeen klokka 15.40 er innstilt. Det same er SAS sitt fly til Bergen klokka 13.05. KLM sin avgang til Amsterdam klokka 09.55 er ein dryg halvtime forseina.

– Der det snør mykje, må vi brøyte på rullebanane og sende flya til avising. Då må ein rekne med at det blir nokre forseinkingar, seier pressevakt Ylva Celius Trulsen i Avinor til NTB.

Innstilt

Bergen lufthamn Flesland måtte stenge frå klokka 7.20 til 7.40 for å brøyte rullebanen. Det måtte også Trondheim lufthamn Værnes frå klokka 4.15 til 5.45, og Trulsen seier at det har vore dårleg sikt der i morgontimane.

I Ålesund er førebels éi flyging til Bergen klokka 12.20 innstilt, og frå Molde flyplass er flyet til Bergen klokka 8.55 innstilt, viser ei oversikt over avgangane.

Full oversikt over avgangane på kvar enkelt flyplass finn du på Avinor sine nettsider.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS