Mange har fått meir enn nok av denne mannen og tar seg pausar frå den massive nyheitsstraumen frå USA.
Mange har fått meir enn nok av denne mannen og tar seg pausar frå den massive nyheitsstraumen frå USA.

– No er lokalavisene gode å ha

Mange kjenner seg metta av den uendelege nyheitsstraumen frå USA om påfunna til den amerikanske presidenten. I slike tider er det godt å ha lokalavisa.

Publisert Sist oppdatert

– Folk treng rett og slett ein pause frå Trump og då er det godt å kunne sette seg ned med lokalavisa, meiner generalsekretær i Landslaget for lokalaviser (LLA), Tomas Bruvik. Han kunne nyleg legge fram stabile og gode tal for fleire av lokalavisene.

– Viktig for demokratiet

Mannen med det raude slipset og den karakteristiske hentesveisen er på toppen av alle dei nasjonale nyheitene døgnet rundt no. Enten det dreiar seg om krigane i Ukraina og Gaza eller om den byrjande handelskrigen.

– Litt flåsete kan ein seie at den som skal ha eit lukkeleg liv, må lese lokalavisa no. Men spøk til side, vi ser gjerne at folk får med seg både lokale, nasjonale og internasjonale nyheiter. Vi har eit rikt utval av aviser her i landet og det er viktig for demokratiet at vi har tillit til at det vi les er riktig. I USA har dei langt mindre tillit til tradisjonelle medium enn det vi har her i landet, seier Bruvik.

Han vil ikkje dermed seie at folk skal la vere å få med seg alt som kjem frå andre sida av Atlanteren.

– Vi støttar alt av kritisk og god journalistikk, men av og til trur eg folk rett og slett må lese litt positive nyheiter, og det veit vi at lokalavisene er gode på.

Surdeigsbrød og hundelufting

Hallvard Moe er professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen og har også fått med seg at folk no blitt litt metta på nyheiter.

– Det blir rett og slett for overveldande for folk og mange må regulere det ved aktivt å ta pausar frå det som kjem av nyheiter frå Washington, seier han.

Professoren samanliknar mykje av det som skjer no, med dei mest hektiske månadene av pandemien, då folk måtte ta grep for å sette nyheitsstraumen på pause.

– Det vi såg då var at mange begynte med baking av surdeigsbrød eller skaffa seg hund dei kunne gå tur med, seier han.

– Eller såg videoar med søte kattungar på nettet?

Ja, det skulle tatt seg ut dersom Universitetet i Bergen oppfordra folk til å sjå på søte kattungar, men det er heilt sikkert folk som brukar dette som metode, sjølv om vi ikkje har forska spesifikt på det.

– Må finne riktig miks

Utviklingsdirektør Øyvind Brenne i avisa VG trur framleis det er stor interesse for nyheiter som kjem frå USA, men seier at dei heile tida prøver å gjere dei relevante for lesarane her heime.

– Det viktigaste vi må gjere er å gi lesarane ein god miks av saker. Blir den totale nyheitsstraumen for dyster og mørk, så dett folk av. Derfor prøver vi å skape den rette blandinga med både harde og mjuke nyheiter. Men det blir spennande å sjå kva som skjer no framover – om lesarane våre vil ha like mange nyheiter frå USA. No har det berre gått to månader med Trump, og interessa er framleis ganske stor.

Brenne har merka seg at lesarane igjen er blitt opptekne av krigen i Ukraina, spesielt etter dei mange utspela til Trump og krangelen for open mikrofon med president Zelenskyj.

– Men vi følgjer aktivt med og prøver å gi folk eit pusterom med andre og ikkje fullt så dramatiske nyheiter, seier Øyvind Brenne.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS