Denne artikkelen blei første gong publisert 12. april 2019.
Påsken 1969 var den første påsken Sauda Skisenter var i drift, eller Sauda Skitrekk som var namnet da. Få år etter begynte dei første båtturistane å legge påskeferien til småbåthamna. Kombinasjonen båtliv og skiturar til fjells har gjort Sauda til ein populær turistdestinasjon i påsken. Begrepet ”båtpåske” blei skapt.

Sauda Skitrekk tidleg på 1970-talet. Alpinutstyret var så som så og skitrekket blei drive på dugnad. FOTO: Idar Johannessen senior
Men det er stor forskjell på påskefeiringa i Sauda nå og for 40-50 år sidan. Datidas infrastruktur var ikkje tilrettelagd for stor påskeutfart. Standarden på vegane var dårlege, bilane hadde ikkje firehjulstrekk, og færre enn i dag hadde eiga hytte. For 50 år sidan budde det 1500 fleire i Sauda enn kva det gjer i dag. Utfarten til fjells var derfor stor, og kø blei eit nøkkelord.
Etter påskefeiringa i 1969 kunne ein lese dette i Ryfylke 11. april 1969:
”Serleg ille vart det på Svandalsvegen, som fekk den største trafikken, med bl.a. tunge bussar. Vegen måtte rett og slett stengjast 2. påskedag. Den nesten 100 år gamle vegen tåler ikkje slik trafikk, då den er lagd på jord, utan holdbart underlag”.

Skitrekk er populært, men fleirtalet av dei som bruker påskefjellet foretrekker turgåing. Bildet er frå Djuvsbotn i Svandal tidleg på 1970-talet. FOTO: Idar Johannessen senior
Også til andre dalføre var det utfordringar denne påsken.
”Vegen til Nordstøldalen gjekk i oppløysning på enkelte strekningar. Bakka-vegen hadde også ein del svake punkter. Vegen til Hellandsbygd og Breiborg viste seg som den beste, og mange la difor skituren til desse traktene 2. påskedag. Politiet gjorde ein god jobb med dirigering av trafikken, men så var også alle mann i teneste kvar dag. Ein reknar med at ca. 800 bilar var på farten til dei ymse skiterreng.”
Skitrekket i Svandal blei ein suksess da det blei etablert for 50 år sidan. Mange ville renne i alpinbakkane, men skitrekket hadde på ingen måte kapasitet til å svelge unna ein stor påskeutfart, slik dei har i dag. På dei mest besøkte dagane måtte folk stå i kø i 30-45 minutt før det blei deira tur til å bli dratt opp alpinbakken.
Kafebygget hadde begrensa kapasitet. Der jobba den einaste lønna personen i Sauda Skitrekk. Resten blei drive på dugnad.

Sauda Skisenter har vakse i omfang og kapasitet i løpet av 50 år. FOTO: Idar Johannessen senior
Mange år har det vore usikkerheit om det er nok snø til at skisenteret kan ha drift i påska, særleg dei åra det er sein påske. I 1998 var det ikkje påskedrift, bortsett frå i barneskitrekket. I år har det vore eit nytt år der det har blitt knytta spenning til om skisenteret klarer å halde heisane opne heilt til 2. påskedag. I 2014 leigde Sauda Skisenter inn helikopter da det var gode snøforhold i øvre del av anlegget og bart nede. Påskegjestene blei flydd opp til snøen.
Den største hyttedalen i Sauda er Åbødalen. Det var det også for 50 år sidan. Men den største påskeutfarten var likevel til Breiborg. Da det er få hytter i dette området samanlikna med kor mange som skulle til fjells, var det ein konstant kø av bilar. I mangel på firehjulstrekk og ein del langvegsfarande sjåførar med varierande erfaring på vinterføre, var det litt av ein dugnadsinnsats for å få bilkøen i gang igjen da det blei stopp i bakkane. Oppe på Breiborg var det uniformert politi som tok seg av trafikkdirigeringa.
På dei største utfartsdagane var det ikkje plass til alle bilane, og den ledige kjørebanen enda til slutt opp som ufrivillig parkeringsplass. Ingen kom seg heim før dei som kom sist kjørte ned. Mange smelteverksarbeidarar som skulle på ettermiddagsskift måtte haike ned, for så å hente den inneparkerte bilen ein annan dag. Ifølge Ryfylke 17. april 1974 var det 800 bilar parkert på Breiborg langfredag det året, noko som var ny rekord.
Året etter, på skjærtorsdag, presterte nokre bilar på sommardekk å bli ståande bom fast i den siste bakken rett før Breiborg. ”Dette resulterte i timelang venting for mange, og det danna seg kø heilt ned til Hellandsbygd.”, opplyste Ryfylke 2. april 1975.
Framleis er det stor påskeutfart til alle dalane i Sauda, og særleg Breiborg og Åbødalen, i tillegg til Svandal. Men vegstandarden er mykje betre, brøyteberedskapen betre, og det er slutt på at politiet må ta seg av trafikkdirigeringa. Det betyr likevel ikkje at det kan bli parkeringskaos. I Åbødalen kan det i påska vere kaotisk på solrike påskedagar. I skisenteret er det nå ein heilt anna kapasitet når det gjeld parkering, skiheisar og servering i kafebygget.

Påskefeiring i Sauda kan vere parkeringskaos. Åbødalen i Sauda er dalen med flest hytter. Her frå påsken 2018. FOTO: Frank Waal
Dei første småbåtturistane begynte å legge påskeferien til Sauda på 1970-talet. Men båtpåsketradisjonen i Sauda starta tilfeldig. Påsken 1973 kom tre båtar inn Saudafjorden. På grunn av driftsproblem på den eine båten søkte dei nødhamn i Sauda. Dei likte seg i Sauda denne påsken og bestemte seg for å invitere fleire båteigarar med året etter. Da kom det seks båtar. Dei tok kontakt med fleire båtforeiningar i Rogaland. Året etter kom det 20 båtar. I 1976 kom det 40 båtar. I 1979 var det 60 båtar, og ”båtpåske i Sauda” var etablert som ein tradisjon.
I 2013 var det så mykje is i fjorden at Sauda Motorbåtforening måtte varsle dei 70 forhåndspåmeldte båteigarane at det ikkje var muleg å ta seg inn.
I fjor blei det leigd inn isbrytar for å fjerne isen slik at båtane kom inn. Ein stålbåt måtte trø til som isbrytar for å lose fleire av båtgjestene som blei ståande fast i drivisen midtfjords. I vinter er det knapt nokon som har sett isen i fjorden.
Påsken 1987 kan Ryfylke melde om ”Rekordbesøk i båthamna”. Omlag 210 båtar og truleg over 1000 personar i båtane. Dette året ble forøvrig seks personar tatt for promillekjøring i Sauda i løpet av påsken.

For lite snø har skapt utfordringar for Sauda Skisenter. For mykje is har skapt utfordringar for Sauda Motorbåtforening. I fjor (2018, red. merk.) fekk dei båthamna isfri til påske med eit nødskrik. FOTO: Frank Waal
For påskefeiring medfører også påskefesting. Skulle du inn på utestadene før måtte du vere tidleg ute for å sikre deg billettar. Påsken 1971 opplevde Sauda mykje hærverk. Ungdomsgjengar braut seg inn i forsamlingshus og private hus og tok seg til rette. I Losjen hadde ein ungdomsgjeng brote seg inn og slått seg ned i påskehelga. Svært mykje blei øydelagd. Naboane greip ikkje inn. Dei trudde lokalet var leigd ut.
Ikkje alle vare like begeistra for festinga. På lesarbrevplass i Ryfylke 29. mars 1978 kunne ein lese:
”Skjenkebevilgningen må ikkje regulerast, den må heilt bort, sjølvsagt. Det same må gjerast med sterkare saker. Men for at ikkje den gode borgar skal tørste ihjel, må kremmaren kunne selgja øl frå krambua si. Så får me sjå, korleis det går.”
Det var alkoholpolitisk debatt i Sauda dette året. Butikkane ønska å selge øl, men fleirtalet i kommunestyret sa nei. 23 år seinare sa kommunestyret ja til ølsal i butikkane, etter ei folkeavstemming. 68,57 prosent stemte for.
I 1976 blei det etablert ein påskefestival i Sauda, som skulle bli ein tradisjon i fleire påfølgande påskar. Etter den første festivalen kan ein i Ryfylke 21. april 1976 lese under overskrifta ”Påskefestival med suksess”:
”I en samtale med bladet sier Lindekleiv at han er glad for at alt gikk fint og at publikum ble fornøyd. Litt trist syntes han det var med det dårlige besøket til den første konserten og kirkekonserten. Kroa hadde imidlertid samlet fulle hus hver kveld, og dette hadde vært med på å berge den økonomiske siden av festivalen. De andre konsertene var imidlertid godt besøkt, og tirsdagens visekonsert med Jan Eggum og Finn Kalvik gav den riktig store susen. Stemningen i salen var på topp da Finn Kalvik fikk publikum med i refrenget på sin kjente vise ”En tur rundt i byen”. Om Kalvik er det bare å si at han er god, og stadig blir bedre og bedre.”
Året etter blei festivalen arrangert som ”Den gresk-norske Kulturveka”. Det enda visstnok i ”en kulturell suksess og et økonomisk underskudd”.
I 1982 var det Sauda Vise- & Jazzklubb som tok over som arrangør av Påskefestivalen. Grupper som ”Asfalt” og ”Mods” var invitert. I Ryfylke 14. april 1982 under signaturen ”Hilsen Sauda Vise- og Jazzklubb” kan ein lese:
”Slutten ble forunderlig nok ikke helt som forventet. Grunnen til det er nok uvitenhet fra det unge publikumet fordi applaus må til hvis det skal bli ekstranummer. De fleste har vel aldri vært på popkonsert før, så forklaringen ligger vel der. Da det samme gjentok seg på konserten med ”Mods” på mandagen, ble forundringen enda større, for da skulle en tro publikum hadde lært noe fra sist. Bortsett fra det kan vi ikke klage på noe utenom at det hadde vært plass til flere tilhørere.”
Også ”Husnes Blueslag” heldt konsert. Her kan ein lese:
”Tidligere har en fått inntrykk av at jazz- og bluesinteressen i bygda har vært så som så. Forklaringen ligger vel i vrangforestillingene rundt disse musikkformene. Jazz er ikke så enfoldig som folk later til å ha inntrykk av. Kanskje stemningen i Sauda nå er i ferd med å snu seg?”
Svaret på spørsmålet var kanskje nei, sidan det to år etter var slutt på påskefestivalen i Sauda. Men den blei tatt opp igjen seinare og drifta ein del år, før det igjen var slutt.
Påskefeiring handlar veldig mykje om vêr. Det blir ekstra tydeleg når ein les første nummer av Ryfylke etter kvar påskeferie. ”Draumepåske” blei brukt som overskrift i 1974, 1983, 1988, 1991, 1993, 1996 og 2015. I 2003 var det ”Knallpåske”, i 2005 ”Strålande påske” og i 2012 ”Kanonpåske”. Kva som er den meteorologiske forskjellen på ”draumepåske”, ”knallpåske” og ”kanonpåske”, skal vere usagt.
Variasjonen i overskrifter dei andre åra har vore stor. Mange andre år har det nok vore ”kanonpåske”, men utan bruk av store ord. Dei minst tabloide overskriftene finn ein i 1969 ”Så vart det sol over påskehelga”, 1971 ”Vakker og minnerik påskehelg”, 1989 ”Påske utan sol eller dramatikk” og 1997 ”Ikkje berre regn…”
I fjor (2018, red. mrk.) var overskrifta ”Rekordpåske i skisenteret”, utan at det har hjelpt på humøret til dagleg leiar Lars Reidar Fosstveit i år. Denne vinteren har det i periodar skorta både på finvêr og snø. I Sauda Skisenter snakkar dei ikkje om snøen som falt i fjor.
Å finne påsken med det dårlegaste vêret i Sauda dei siste 50 år, er vanskeleg. Men det spørs om ikkje påsken 1985 kjem høgt på denne lista, i alle fall om ein les framsida på Ryfylke 10. april 1985. Der er overskrifta ”Dårlegaste påskeveret i manns minne”. Vidare står det på førstesida:
”Kor langt attende ”manns minne” går veit eg eigentleg ikkje, likevel trur eg å ha dekning for å seie at påsken 1985 må vere ein av dei dårlegaste når det gjeld veret, på mange, mange år. Dei som drog til fjells ”palmehelga” fekk ein fin dag Palmesøndag, men så var det jamnt slutt. Det vil seie, som vanleg var det ikkje så gale ver heimreisedagen, 2. påskedag. Det er bare så synd at dei aller, aller fleste ikkje får nytta denne dagen skikkeleg. Også tidlegare påsker har vi hatt dårleg ver, men det har da alltid vore ein eller to fine dagar. I år slo heller ikkje det til.”
Året etter kunne ein lese i Ryfylke den 2. april 1986:
”Etter påsken i fjor hadde vi overskrifta ”dårlegaste påsken i manns minne”, vi tar vel ikkje munnen for full om vi seier at påsken i år er heilt på line med fjorårets, så nå har vi to dårlege påsker å minnast.”
Påskeferie i Sauda har også vore badeferie. I 1975 opna Saudahallen med innandørs badeanlegg. Dette blei eit populært tilbod for mange påsketuristar. Påsken 1981 besøkte 1039 Saudahallen. I 2016 opna Saudahallen i tillegg eit utandørs badeanlegg. I påsken 2017 hadde badeanlegget heile 2652 gjester.
Men dette er på ingen måte rekord. Da Ryfylke 25. april 1984 opplyser om ”Rekordbesøk i Saudahallen” var det i påsken 6442 betalande: ”Dei to dagane kor sjølve symjehallen var stengt, men kor det var åpent for dusjing, fant 322 personar vegen til Saudahallen. Aldri tidlegare har påskebesøket i hallen vore så stort.”
Av spesielle ting som har skjedd gjennom 50 år med påskefeiring i Sauda er nok utrasinga av vegen mellom Sauda og Saudasjøen i 1972, det som har fått størst praktiske konsekvensar for påskefeiringa i Sauda.
Sjølve raset skjedde riktig nok ein månad før påsken i 1972, men konsekvensen var at Sauda blei isolert utan veg og det blei sett inn ferge mellom Saudasjøen og Sauda. Med den store påskeutfarten til Sauda førte dette til svært lange fergekøar. 2. påskedag var ventetida opp til fem timar for å få bilen på ferga frå Sauda til Saudasjøen.
Også kapasiten på offentlege transportmiddel mellom Sauda og Stavanger-regionen førte til at mange valde å reise heim 1. påskedag og ikkje 2. påskedag. Særleg datidas ferger hadde låg kapasitet samanlikna med i dag.
Påsken 1989 opplevde ein hytteturist på Maldal at begge bakhjula på bilen hans vart stole i løpet av påskeferien. Overskrifta i Ryfylke 29. mars 1989 var ”Hjula varte heilt til påske”. Ifølge bileigaren var piggdekka bare kjørt éin sesong: ”Eg må seie eg i høgaste grad vart overraska då eg fann bilen ståande på berre framhjula.”
Det same året tok politiet svært mange påskebilistar i ein hastigheitskontroll. Men alle sjåførane fekk etterpå annulert bota da ”ei kontrollrutine avslørte at lovens menn hadde gått litt i surr med målbandet. Dei uheldige bilistane tok imot politiet si orsaking med godt humør, får me opplyst.”
Svært mykje må bli utelatt i ein artikkel om 50 år med påskefeiring i Sauda, men Røde Kors sin frivillige innsats og beredskap må bli nemnt. Også den lokale kyrkja har opp gjennom åra stått på og sørga for eit aktivt påskeprogram i Sauda.
Det kan vere vanskeleg å finne ein fellesnemnar når ein les påskeartiklane til Ryfylke. Men éin ting går igjen, nemleg det faktum at folketalet i løpet av påsken har vore fordobla!
Den 6. april 1988 var Ryfylke til og med så dristige at det under overskrifta ”Draumepåske med rekordutfart” blei hevda:
”Denne påsken er det ikkje tvil om at Sauda dobla folketalet sitt og kanhende vel så det”.
Dersom du ikkje er abonnent kan du gå inn på denne sida og registrere deg som Ryfylke-abonnent. Da vil du få tilgang på alle våre artiklar på nett umiddelbart. Da vil du ikkje bare halde deg oppdatert på det Ryfylke publiserer i løpet av påsken. Du får tilgang på alle våre aviser digitalt heilt tilbake til 1926.