Påskeferie i Åbødalen rundt 1965, truleg ved Nipbakkane. Frå venstre Sturla Eiknes, Cecilie Rafdal, Solveig Odland, Marit Garatun, Marta Odland, tvillingane Aud og Kitty Håland frå Sandnes, Magnar og Alf Marton Aksland. Heilt til høgre far til Marit – Toralf, og hunden til Sturla og Sveinung Odland.Privat
Hyttekos i påsken med kortspel og platespelar i Åbødalen, truleg rundt 1965. Solveig Odland med singelplate i handa.Privat
Mange har brukt båt som transportmiddel når dei har lagt påskeferien til Sauda. Her frå 1950-talet.Jostein Gismervik
Det var først og fremst Saudafjella og skigåing som lokka mange påskegjester inn Saudafjorden.Jostein Gismervik
Hoftunkaien i Saudasjøen var dampskipkai. Da påskegjestene kom til Sauda var det mange saudabuar som møtte opp for å sjå da båten la til kai.Jostein Gismervik
På dagstur opp til Djuvsbotn i Svandal, påsken 1957. – Eg hugsar det som det var i går. Eg gjekk på beina opp til Djuvsbotn. Eg gjekk ikkje på ski. Eg er frå Kvaløy og der blåste snøen på sjøen, hahaha, seier Jorunn Helene Grindheim. Frå venstre: Judith og Odd Seim, Solaug Hølland, Jorunn Helene og Magne Grindheim.Osvald Hølland
Andreas Wahl og Einar Tønnesen brukte scooter for å kjøre til Slettedalen påsken 1954 for å gå på ski. – Det var Einar sin scooter og han som kjørte. Me jobba begge i Stavanger den gong, men me reiste til Sauda på påskeferie. Bildet er tatt utanfor huset til foreldra mine på Sønnåhaugen, opplyser Andreas Wahl.Privat
Familietur til Slettedalen, truleg påsken 1955. – Familiane lånte ein støl i Slettedalen og me feira påske der. Det er far min og mor mi, som held armane på skuldrene mine, til venstre på bildet. Flest påskeminner frå Sauda har eg frå Sauda Skistrekk, opplyser Anne Tafjord Kirkebø. Ved sida av står Anne Randi Aartun og broren Nils Øystein. Deretter Magnar, Bjørg og Jorunn Brendemo. Odd Årthun er nummer to frå venstre.Privat
Transporten til påskefjellet kunne vere av det svært enkle slaget på 1950-talet. Her skjer turen bakpå eit lasteplan, truleg i retning Slettedalen der dei lånte ein støl nokre år. På bildet er Hans og Cissi Frette til venstre. Magnar Brendemo til høgre. Andelen røykarar var høg på 50-talet.Privat
Påskesol i Slettedalen i 1949. Unni Remseth Hovelsen, midt på bildet, saman med mor si Ragna og Magnhild Bergli. – Eg hugsar ikkje kor i Slettedalen bildet blei tatt. Som ungdom var eg som regel i Svandal i påsken, opplyser Unni Remseth Hovelsen til Ryfylke.Privat
Stor bildeserie frå arkivet: Påskeferie i Sauda har lange tradisjonar
I generasjonar har det å tilbringe påskeferien i Sauda vore ein fast tradisjon.