Sauda Røde Kors Hjelpekorps deltar i søket etter ein mann frå Sauda som er sakna etter ei reise med hurtigbåten frå Stavanger til Sauda søndag kveld.
Sauda Røde Kors Hjelpekorps deltar i søket etter ein mann frå Sauda som er sakna etter ei reise med hurtigbåten frå Stavanger til Sauda søndag kveld.

Leiteaksjonen: – Politiet ber tre mulege vitne melde seg

Det blei sett i gang søk etter ein sakna person søndag kveld i 22-tida, då ein person som var på hurtigbåten frå Stavanger, ikkje gjekk i land i Sauda. No ber politiet tre ungdomar melde seg.

Publisert Sist oppdatert

Oppdatering klokka 14.17: Politiet ønskar kontakt med tre ungdomar.

Dette skriv politiet på sin nettlogg klokka 14.17: Savnede reiste 21.09.25 klokken 2000 med båten Norled MS Fjordfart fra Stavanger båtterminal i retning Sauda med ankomst Sauda klokken 2245. Ca. klokken 2200 skal tre ungdommer som reiste med ungdomsbillett, ha befunnet seg ute på dekk. Det er ønskelig at disse vitnene tar kontakt med politiet så snart som mulig.»

Oppdatering klokka 14.00: Leitinga etter mannen har så langt vore resultatlaus. Politiet ber no innbyggarar om å bistå med å sjekke naust, hytter, båt og andre tenkelege stader der ein person kan ha tatt opphald ved Sandsfjorden frå Jelsa til Sand.

Oppdatering klokka 12.40: Politiet i Sauda opplyser til Ryfylke at leitinga etter den sakna mannen held fram for fullt. Det er sett inn hundepatrulje i søket, som no i hovudsak pågår på land.

Ein person er sakna, etter å ikkje ha blitt gjort greie for då hurtigbåten frå Stavanger til Sauda kom fram til Sauda søndag kveld. Politiet opplyste i natt ved 00.45-tida til NTB at politiet blei varsla av personar som skulle hente vedkommande i Sauda.

– Det dreier seg om ein mann i 30-åra, som er tilhøyrande Sauda. Vedkommande skulle reise frå Stavanger til Sauda, opplyser politioverbetjent Eivind Asheim til Ryfylke.

Asheim fortel vidare at leitinga etter mannen til sjøs i området Sandsfjorden, blei avslutta litt før klokka 03.00 i natt. Redningshelikopter frå Hovedredningssentralen (HRS) deltok i søket. Etter dette blei søk på land starta, og klokka 08.45 pågår dette for fullt, ifølge politiet.

Sauda Røde Kors Hjelpekorps stadfestar måndag føremiddag at dei deltar i søket etter mannen.

Asheim opplyser til Ryfylke at søket er fokusert i eit område der mannen blei observert ute på dekk på hurtigbåten.

– Det var passasjerar som såg at vedkommande var ute, men det er uklart om han kom inn igjen, seier Asheim.

Artikkelen blir oppdatert.

Hurtigbåten som den sakna mannen reiste med, er førebels tatt ut av trafikk, og ligg til kai i Sauda.
Powered by Labrador CMS