Fylkesvegen mellom Sauda og Maldal var stengt ein periode laurdag morgon på grunn av at trer har blåst ned.
Fylkesvegen mellom Sauda og Maldal var stengt ein periode laurdag morgon på grunn av at trer har blåst ned.

Ekstremvêret Amy: Ei rekke trer blåste ned i Sauda i løpet av natta og sperra vegar

Sauda brannvesen og ulike entreprenørar fekk ei travel natt for å halde vegane i Sauda opne for trafikk.

Publisert Sist oppdatert

Uvêret Amy trefte Sauda hardt i natt. Ei rekke trer blåste ned og sperra vegar felire stader i Sauda i løpet av natt til laurdag.

Sauda brannvesen opplyser at det har vore nær 20 personar i arbeid ulike stade i Sauda i løpet av natt til laurdag.

Fleire allétrer har blåst ned mellom Coop Extra og smelteverket natt til laurdag.

Fortløpande har mannskapet, ved hjelp av entreprenørar og tilsette i Sauda kommune, jobba gjennom ei hektisk natt for å sørge for at vegsystemet har vore ope for trafikk.

Seint laurdag kveld blåst eit tre ned over fylkesveg 520 i Fløgstadvika.

– Det har vore ei hektisk natt, men vegane er opne. Status per laurdag morgon er at øvre delar av Amdal er utan straum. Fagne jobbar med saken og dei har vore på jobb i natt, saman med oss og entreprenørar me har kalla inn, seier brannsjef Inge Seim.

Ekstremvêret Amy herja i Sauda natt til laurdag, noko inngangspartiet til Saudahallen var eit synleg bevis på laurdag morgon.

I løpet av natt har mange trer blåst ned i Sauda. Ein del av desse trea har blokkert ulike vegar i Sauda kommune. Fortløpande har mannskap jobba for å rydde vegar fri for ferdsel. Laurdag morgon fungerar vegsystemet i Sauda takka vere innsatsen til nær 20 personar som har stått på gjennom heile natta.

Ekstremvêret Amy sette sine tydelege spor i Sauda natt til laurdag.

Ryfylke tok ein prat med nokre av mannskapet laurdag morgon som kunne opplyse at dei hadde kontroll på situasjonen.

Blant anna var vegen mellom Sauda og Maldal stengt laurdag morgon på gtrunn av trevelt, men vegen blei opna etter ei lita stund. Dette har vore status gjennom heile natta. Ulike stader har trer blåst ned, og kommunalt og privat mannskap har jobba seg gjennom vegsystemet og rydda vegbanen fortløpande.

Mannskap frå Sauda brannvesen og private entreprenørar tar ein velfortent pust i bakken laurdag morgon, etter ei hektisk natt med å sikre infrastruktur og halde vegsystemet ope.
Powered by Labrador CMS