Ole Viggo Rønning må innsjå at uvêret natt til laurdag påførte huset hans ei rekke skader.
Ole Viggo Rønning må innsjå at uvêret natt til laurdag påførte huset hans ei rekke skader.

Ekstremvêret Amy: Fleire hustak i Sauda har fått skader

– Eg har aldri opplevd at taksteinane har blåst av huset i Sauda før, seier huseigar Ole Viggo Rønning.

Publisert Sist oppdatert

Avisa Ryfylke har blitt varsla om at eit tosifra antall hus i Åbøbyen har fått skader på taket som ein følge av ekstremvêret Amy natt til laurdag.

Ein av huseigarane i Åbøbyen er Ole Viggo Rønning. Han er nær 60 år gamal og har aldri opplevd at taksteinane på huset hans har blitt blåst av før i ein vindstille kommune som Sauda.

– Eg hadde stroppa fast søppelbøttene, men hadde aldri trudd at taksteinane skulle blåse av taket mitt, seier Ole Viggo Rønning til Ryfylke ved lunsjtider laurdag.

Taksteinane låg strødd i hagen til Ole Viggo Rønning laurdag morgon.

På eigedomen hans er det eit saleg kaos etter at uvêret Amy trefte Sauda natt til laurdag. Søppelbøtter ligg strødd, sjølv om dei var stroppa fast. Innhaldet er spreidd utover. Taksteinar ligg strødd overalt, på begge side av huset. Delar av terrassegolvet er øydelagt av takplater som har ramla ned med full kraft.

Ole Viggo Rønning prøvde å stroppe fast søppelbøtter før ekstremvêret Amy trefte Sauda, men til liten nytte.

– Eg har forsikring og har kontakta forsikringsselskapet. Dei skal kome å sjå på det når dei får tid. Eg fryktar nå for vassinntrenging i huset sidan delar av taket manglar. Det er meldt ein del nedbør i dagane framover. Det seier seg sjølv at det blir vasskader på huset nå, sier ein fortvila huseigar til Ryfylke.

Han er ikkje aleine i Sauda om dette. Ryfylke har laurdag fått tilbakemelding om at det bare i Åbøbyen er fleire titals hus som har fåttt skader på taket som ein følge av uvêret Amy natt til laurdag.

Powered by Labrador CMS