Ekstremvêret Amy: – Har aldri opplevd makan på 32 år
Hotelleigar Jan Nordbø har drifta hotell i Sauda sentrum i 32 år. – Eg har aldri opplevd eit så ekstremt vêr som natt til i dag.
Da ekstremvêret Amy var på sitt verste natt til laurdag, begynte taksteinane å hagle rundt Kløver Hotell midt i Sauda sentrum.
Hotelleigar Jan Nordbø stod opp og gjekk ut, men måtte raskt søke dekning innandørs.
– Det hagla med takstein. Sjølvsagt trefte dei bilen min og lagde skader, seier ein oppgitt hotelleigar, medan han prøve å rydde opp på utsida etter beste evne.
Nordbø eig fleire bygningar rundt hotellet i sentrum og innser at taksteinen kjem frå hans eigne bygningar, forårsaka av stormkasta.
– Off! Nå blir det fleire rundar med forsikringsselskapa. Eg har sjølvsagt fleire forsikringsselskap som eg brukar på bygningane. Det blir mykje arbeid framover, sukkar han.
Det knuste bakvindauge på firmabilen har han tett med plast. På utsida av alle bygningane ligg det takstein, diverse plantar og greiner, sand og stein pluss alt muleg andre ting som vinden har fått tak på.
– Eg håpar forsikringa dekkar slike skader utan at eg må betale eigenandelar i ulike forsikringsselskap. Viss ikkje vil dette koste meg ein del pengar. Eg har dyre eigenandelar, sukker hotelleigaren, mens han fortset med opprydningsarbeidet etter nattas mange stormkast.