Ekstremvêret Amy: Taket blåste av næringsbygg
Bedrifti båthamna opplevde at taket regelrett blei blåst av bygget natt til laurdag.
Ekstremvêret Amy påførte ei rekke bygningar i Sauda skader natt til laurdag. Mange huseigarar i Åbøbyen har fått skader på taket i løpet av natta på grunn av dei kraftige vindkasta.
Men også næringsbygg har fått skader. I båthavna på Saunes opplevde eit næringsbygg at ein stor del av taket forsvann.
Annonse
I tillegg har annan infrastruktur i båthamna fått skader, blant anna tekniske installasjonar.
Ryfylke skreiv først at taket blåste av XL-bygget. I etterkant har Ryfylke fått opplyst at selskapet Molla Snekkerverksted er eigar av bygget som mista taket. Desse opplysningane blei endra i artikkelen søndag 5. oktober klokka 16.43.
Også det gamle speidarhuset» i Åbøbyen har fått skader som ein følge av uvêret.