På loftet, som før var brukt som soverom, stod denne bjelken ut frå veggen.
På loftet, som før var brukt som soverom, stod denne bjelken ut frå veggen.

Huset til Siv Turid og Terje blei spidda av flygande bjelkar

Ein bjelke suste rett gjennom taket, fleire andre bjelkar sette seg fast i veggar og tak.– Ei skremmande oppleving, seier Siv Turid Valskår.

Publisert Sist oppdatert

Fredag kveld, då Siv Turid Valskår kom heim frå ettermiddagsvakt, blåste det godt rundt huset Åbø 35 i Åbøbyen. Men, at uvêret Amy skulle herja slik med huset deira, hadde ho ikkje trudd, då ho la seg, med plan om å sova gjennom natta før laurdagens formiddagsskift. I 03.30-04.00-tida vakna ho av fleire brak. Etter å ha lege vaken ei stund, begynte ho å bli uroleg og valde å stå opp. Ektemannen Terje sov framleis.

– Eg gjekk inn på kjøkkenet, og såg at det eine kjøkkenskåpet stod ope. Det flaut av olivenolje-flasker og krydderboksar på golvet, saman med masse sagspon. Eg skrudde på lyset og såg at det stod ein bjelke ut frå kjøkkenveggen, ved vasken, fortel ho.

Då Siv Turid Valskår skrudde på lyset på kjøkkenet såg ho at denne bjelken hadde gått tvers gjennom veggen og veggflisene.

Bjelkar gjennom taket

Ifølge Valskår herja vinden sterkt ute då, med svært kraftige kast. Ho gjekk etter kvart ut for å kikka, og såg store bølgeblikk-delar rundt om kring på eigedomen. Ho fann fort ut at det var best, og tryggast, å venta til det blei lysare ute, og sette seg i stolen i stova.

– Så høyrde eg dryppelydar, som eg først trudde kom utanfrå. Men det kom vatn inn frå taket på kjøkkenet. Eg gjekk opp i loftetasjen, der me har eit kontor. Der låg det ein to-meterlang bjelke midt på golvet, den hadde gått rett gjennom taket. I tillegg stod det fleire trebjelkar fast i veggane og i taket. Det var sagspon i heile rommet, fortel ho, som først då, rundt klokka 06.00, valde å vekka Terje.

– Då vekte eg han, ja. Eg sa Nå må du stå opp, det er krise her», fortel ho.

Denne bjelken har gått rett gjennom taket og låg på golvet på loftet.

Reiv av takpanner

Loftrommet var tidlegare eit soverom, brukt av sonen Martin. I dag er det skremmande å tenka på kva som kunne skjedd viss nokon hadde vore i rommet då bjelken gjekk rett gjennom taket. Også bjelkane som ikkje gjekk rett gjennom kunna fort ha skada menneske alvorleg.

Taket på loftet fekk store skader.

Ekteparet sette opp 10-12 bøtter for å samla opp regnvatnet som kom inn gjennom taket. Då morgonlyset kom kunne dei sjå at på ein stor del av det utvendige taket deira hadde takpannene blitt rive av. Rundt i området låg det mange, store bølgeblikk-delar. Dei fekk varsla forsikringsselskapet sitt og saudafirmaet Ryfylke Bygg, som kom opp og fekk lagt på ein presenning over taket. Første etter at takstmann hadde vore på synfaring, kunne dei begynna med oppryddingsarbeidet.

Mange bølgeblikk-delar låg strødd rundt eigedommen.
På ein stor del av taket hadde takpannene blitt knust og rive av.

I dag, fleire dagar etter den dramatiske natta, går livet sin vande gang igjen.

– Det var så klart skremmande, men alt ordnar seg jo. Det er daude ting, og ingen menneske kom til skade, seier Siv Turid Valskår.

Ho trur at bjelkane som har kome gjennom taket deira og dei mange bølgeblikk-delane som enda opp i hagen deira, kjem frå eit eldre garasjebygg i Wergelandsvegen, nær Sauda Klubb.

Også fleire av naboane rundt Valskår-huset fekk skader på eigedommane sine etter uvêret Amy sine herjingar.

Powered by Labrador CMS