Nils Jarle Sandanger i Sauda Ferie & Fritid kan snart bestilla eit flunkande nytt stortelt, etter at Sparebanken Norge støttar dei med heile 300 000 kroner.
Nils Jarle Sandanger i Sauda Ferie & Fritid kan snart bestilla eit flunkande nytt stortelt, etter at Sparebanken Norge støttar dei med heile 300 000 kroner.

Teltet blei smadra»: Banken opnar lommeboka

Sparebanken Norge gir 300 000 kroner til innkjøp av nytt stortelt.– Eg er letta, glad og rørt, seier Nils Jarle Sandanger i Sauda Ferie & Fritid.

Publisert Sist oppdatert

– Eg må innrømma at eg var ganske bekymra. Heile storteltet blei øydelagt, og fleire av arrangementa våre er avhengig av dette teltet, blant anna påskequizen. Eg gjekk og grubla heile helga, fortel Nils Jarle Sandanger.

Blei smadra»

Tidleg i sist veke begynte Rysteg arbeidet med å setta opp storteltet på Rådhusplassen. Teltet skulle, etter planen, husa store delar av Bønder i byn-arrangementet både på dagtid og vaksendansen på kveldstid. Men då uvêret Amy raste over Sauda natt til laurdag 4. oktober måtte det 12×27 meter store teltet gi tapt. Vindkasta var så sterke at betongelementa svevde ein meter over bakken, og brannvesenet bestilte ein entreprenør til å riva teltet.

– Teltet blei trødd flatt», lasta opp i konteinar og kjørt bort, fortel Sandanger, glad for at teltet ikkje rakk å påføra skader på menneske eller andre bygg.

Men dermed stod Sauda Ferie & Fritid utan storteltet sitt, framfor det komande stor-arrangementet Bønder i byn. Akutte løysingar for Bønder i byn-arrangementet blei lagt, med fleire mindre telt på Rådhusplassen for aktivitetane på dagtid – og flytting av dansen til Kløver Hotel.

Men Sauda Ferie & Fritid vil ha fleire framtidige behov for eit stortelt tilgjengeleg i Sauda.

Måndagsmøte i banken

Måndag morgon hadde Sparebanken Norge si avdeling i Sauda sitt faste måndagsmøte saman med Nina Hopsdal, banksjef for filialane i Haugesund og Sauda. Uvêret Amy blei eit tema under møtet. Hopsdal spurde korleis det var gått i Sauda, med tanke på skader.

– Dei tilsette i Sauda fortalde om storteltet som blei øydelagt. Sidan me også i same møte skulle diskutera søknadene som hadde kome inn knytt til prosjektmidlar, der fristen nå er gått ut, kom det forslag om at me gjerne kunne bidra med støtte til nytt stortelt, fortel Hopsdal.

Faktisk blei det bestemt der og då, denne måndagen, at banken ville bidra med pengestøtte til eit nytt stortelt til Sauda Ferie & Fritid. At fristen var gått ut betydde ingenting.

– Men før me kunne vedta ein sum måtte me få ein formell søknad på bordet, og oversikt over kva eit nytt telt kostar, fortel banksjefen.

Alt same dag blei Nils Jarle Sandanger i Sauda Ferie & Fritid kontakta, og han blei oppfordra til å senda ein søknad – ein søknad han sendte same dag. Onsdag ringte Sauda-kontorets Else Dahl-Olsen til Sandanger.

– Ho fortalde at Sparebanken Norge vil støtta oss med 300 000 kroner. Eg blei både letta, glad og rørt. Dette viser kor viktig det er å ha ein lokal bank til stades, med tilsette som kjenner lokalsamfunnet og ser verdien av alt arbeidet som blir lagt ned når det gjeld lokale arrangement, seier han.

Eit nytt stortelt kostar 368 000 kroner. Sandanger håpar at forsikringa vil dekka rundt 60 000 kroner, det som det fleire år gamle storteltet var verdt i dag.

– Får me ikkje pengar tilbake frå forsikringa, må me nok ut og fri» til det lokale næringslivet, kommenterer Sandanger.

Gir med glede

For banksjef Nina Hopsdal er det ein stor glede at banken kan bidra med viktig pengestøtte til lokale tiltak.

– Noko av det kjekkaste med jobben vår er å kunna ringa og informera om at me vil bidra med pengar. Me ser jo at det ofte er litt smalhans» ute i lokale lag og organisasjonar, og at støtta me kjem med er uvurderleg. Det å gi tilbake til lokalsamfunna er viktig for oss som bank, og noko som etter kvart har blitt ein fin tradisjon i Sparebanken Norge. Me er veldig glade for at me kan bidra med støtte til Sauda, seier Nina Hopsdal, banksjef for Sparebanken Norge sine filialar i Haugesund og Sauda.

Powered by Labrador CMS