Bjørn Eidsvåg er ein svært populær mann i Sauda. Her haustar han applaus under ein tidlegare Saudadagane-konsert i Sauda. I mai kjem han tilbake.
Bjørn Eidsvåg er ein svært populær mann i Sauda. Her haustar han applaus under ein tidlegare Saudadagane-konsert i Sauda. I mai kjem han tilbake.

Nå er artistane klare: – Bjørn Eidsvåg klar for Saudadagane

Det blir både lokale og nasjonale stjerner å sjå og høyre under neste års utgåve av Saudadagane. Aller øvst på plakaten finn vi ein velkjent æresborgar av Sauda.

Publisert Sist oppdatert

Denne veka blei artistane som skal spele under neste års Saudadagane, gjort kjent. I ei pressemelding frå festivalen er artistane presentert, både for fredagens og laurdagens konsertar som også denne gong skal vere i nausthallen i båthamna.

Aller øvst på plakaten finn vi kanskje den mest kjente saudaartisten av alle, nemleg Bjørn Eidsvåg, mångeårig låtskrivar, popartist, prest og æresborgar av Sauda. Han startar fredagens konsertkveld i naustet, som arrangøren omtalar som ein saudakveld med Bjørn Eidsvåg». Festivalsjef Karina Fiveland seier i pressemeldinga at ho er svært fornøgd med at den folkekjære artisten kjem heim» for å spele for saudabuen.

– Det er alltid spesielt å få Bjørn Eidsvåg tilbake til Sauda. Han har ein heilt unik evne til å samle folk på tvers av generasjonar. Han spelte under Saudadagane både i 2013 og i 2015, og gjentar nå suksessen, seier Fiveland.

Duett?

Det blir ein kveld for patriotisme, heimkjærleik og gamle kjenningar fredagen under Saudadagane 2026. Etter at Bjørn Eidsvåg har sett i gang den spesielle kvelden, tar nemleg det energiske og festlege bandet Takras over scena. Dei har tidlegare blitt skildra som ei samansetning av lokal galskap og tilhøyrsle, utan kompromiss og med ein god dose sjølvironi.

Festivalsjef Karina Fiveland er svært fornøgd med neste års artistar under Saudadagane.

Saudasvaggane, saman med Vigdis Eidsvåg og Grethe Svensen får gleda av å runde av fredagskvelden i nausthallen. Karina Fiveland utelukker heller ikkje at det kan kome spesielle overraskingar i løpet av kvelden.

– Det ville ha vore fantastisk om Vigdis og Grethe dukka opp i duett med Bjørn. Det hadde vore prikken over i-en på ein ekte saudakveld, seier ho.

Vestavind kjem

Også laurdagen, som er vekas store festdag, kan freiste med både ei stor popstjerne og dansbar festcountry. Først på scena denne kvelden er Morgan Sulele, som sidan han gav ut låta Bare min» i 2015, har hatt over 300 millionar avspelingar på Spotify. Ifølge arrangøren skal han både spele gamle låtar og låtar frå sitt kommande album, som blir slept til våren.

– Sulele er ein artist som verkeleg skaper sommarstemning. Han treff både ungdom og vaksne, og vi trur det blir allsong frå første refreng, seier Karina Fiveland.

Bandet Vestavind frå Sveio og Haugesund er det andre og siste bandet på scena laurdagen. Dei stiller med ny besetning, og er venta å spele country med høg festfaktor. Arrangør Fiveland fortel at bandet etter alt å døme kjem til å presentere ny musikk under Saudadagane.

– Vi gler oss til å sjå kva dei leverer. Alt tydar på at det blir ei energisk og stemningsfull avslutning på laurdagskvelden, seier ho.

Morgan Sulele er den andre nasjonalt velkjente artisten som kjem til Sauda under Saudadagane.

Kjente og populære innslag

Det er 31. gong at dei tradisjonsrike Saudadagane blir arrangert, frå 27. til 31. mai neste år. Arrangøren opplyser at dei siktar på å levere eit fullt dag- og kveldsprogram der både yngre og eldre saudabuar har noko å glede seg til. I tillegg til konsertane fredag og laurdag, vil det ifølge arrangøren bli gjensyn med mange av innslaga som tidlegare har vore populære, som sykkelløpet mellom Sauda og Haugesund, bilutstillinga i sentrum, samt ei rekke sentrumsaktivitetar og underhaldning.

– Målet vårt er å lage ei helg der alle finn noko dei likar, enten ein kjem for musikken, møteplassen eller berre den gode stemninga, avsluttar Fiveland.

Powered by Labrador CMS