Eramet: – Beskyttelsestiltak i EU vil gjera det vanskelegare for oss
EU vurderer å innføre beskyttelsestiltak. Det vil i såfall gå ut over dei norske Eramet-verka, opplyser kommunikasjonsdirektør Kåre Bjarte Bjelland i Eramet-konsernet.
Om EU vil innføre beskyttelsestiltak for ein eigen industriproduksjon har vore eit tema gjennom heile hausten. Norge er ikkje medlem av EU og spørsmålet har da vore om EØS-avtalen er nok til å verne norsk industriproduksjon mot eventuelle beskyttelsestiltak.
Nå er det stor fare for at beskyttelsestiltak vil bli innført og at det rammer norsk industri.
– Først: Me gir ikkje opp før EU har gjennomført avstemminga som er venta kommande fredag eller måndag, opplyser kommunikasjonsdirektør Kåre Bjarte Bjelland.
Men blir beskyttelsestiltaka innført er Bjelland tydeleg på at det vil ramme dei norske Eramet-verka.
– EU sine varsla beskyttelsestiltak vil gjera det vanskelegare for oss å selga manganlegeringane våre til europeiske stålprodusentar, som utgjer den største marknaden vår. Tiltaka – som går under navnet Safeguards» – inneber at landa som blir omfatta får tildelt kvotar basert på salsvoluma i dei foregåande åra, seier Bjelland.
Han opplyser at forslaget til kvotetildeling er om lag 75 prosent.
– Om importen av norske manganlegeringar til Europa blir høgare enn dette, må det betalast ei ganske betydeleg avgift (toll). I praksis kan tiltaka difor bety at me tapar betydelege sal noko som vil ha negativ effekt på det økonomiske resultatet vårt. Det er vanskeleg per nå å slå fast eksakt korleis dette påvirker produksjonen vår av dei ulike produkta Eramet produserer på dei sju ovnane og to MOR-anlegga i Eramet Norway-systemet (Porsgrunn, Sauda, Kvinesdal). Slike signal hjelper nok heller ikkje på verken evna eller viljen til å investera i vidareutvikling av den norske ferrolegeringsindustrien, seier kommunikasjonsdirektøren.
Bjelland seier at både industrien sjølv, fagforbunda og regjeringa har jobba hardt for å unngå at Norge blir omfatta av desse beskyttelsestiltaka, utan å ha lukkast.
– Dette tyder på at EØS-avtalen ikkje er tilstrekkeleg til å sikra oss den marknadstilgangen me treng, noko som er skuffande for oss. I dette tilfellet går dette utover ferrolegeringsindustrien, men det er verdt å vera merksam på at dette også kan skapa presedens også for andre bransjar der Norge har leiande marknadsposisjonar, seier Bjelland.
Han meiner vidare at innføring av tiltak som skadar den norske ferrolegeringsindustrien set andre saker som er viktige for EU i spel.
– Europa treng tilgang til kritiske metall og material som trengs i det grøne skiftet, og EU har store ambisjonar knytt til avkarbonisering. Då meiner me EU skyt seg i foten ved å innføra Safeguards» slik dei her legg opp til, seier Kåre Bjarte Bjelland.