– Jobben med å skapa eit større miljø og auka aktiviteten i klubben starta alt i fjor. Målet er å arrangera tre klubbløp i haust, og med dette samla erfaringar til å igjen kunna arrangera større motocrossløp på banen i Sauda, seier Svein Terje Solvang, leiar i Sauda Motorsportklubb.
Sauda Motorsportklubb blei etablert tidleg på 2000-talet. Sommaren 2007 fekk klubben omsider den nyutbygde motocrossbanen med støyvollar på Birkelandsmoen formelt godkjent.
Klubben har fleire gonger opp gjennom åra arrangert Vestlandsmesterskap i motocross med godt over 200 deltakarar på startstreken og 4-500 publikummarar på sidelinja.
Dei siste åra, derimot, har klubben hatt eit langt lågare aktivitetsnivå. Spesielt vanskeleg har det vore å rekruttera nye, unge utøvarar til klubben. Det er fleire år sidan det sist blei arrangert ein større konkurranse på banen på Birkeland.
– Motocross krev ein del av foreldre, både økonomisk og tidsmessig. Slik sett har det vore enklare å rekruttera folk over 18 år, som sjølv har jobb og pengar til å bruka på sporten, forklarer Solvang.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.01