*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
VIL FØLGA SAKENE: Ragnhild Ness reagerer på dei føreslåtte omorganiseringsplanane og budsjettkutta til rådmannen. Komande måndag hamnar sakene på bordet til Eldrerådet. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Skremt av budsjettkutta

Rådmannen føreslår at over halvparten av kuttmillionane blir tatt frå helse og omsorg. Ragnhild Ness er bekymra for framtida for eldre-Sauda.

– Eg synest rett og slett dette er deprimerande. Eg meiner administrasjonen og politikarane prioriterer feil, seier Ragnhild Ness.

Ho er leiar i både Sauda Eldreråd og i Sauda pensjonistforening.

Ness likte dårleg nyhetene som kom i sist veke. Tysdag presenterte den lokale arbeidsgruppa rapporten sin etter å ha evaluert den kommunale pleie- og omsorgstenesta. Gruppa føreslår å bygga ei ny korttidsavdeling i andre etasje i sjukehusbygget, å flytta på avdelingar og å legga ned to avdelingar på Høllandstunet.

Med ei slik omorganisering, der dei to nedlagte Høllandstun-avdelingane skal ligga som ein buffer til framtidig bruk, vil Sauda gå frå dagens 94 pleie- og omsorgsplassar til 92. Ragnhild Ness var med i arbeidsgruppa, men seier til Ryfylke at ho ikkje var einig i det endelege løysingsforslaget.

– Eg synest det er positivt at ei omsider tar i bruk andre etasjen og at ein vil samlokalisera tenestene. Men eg synest det er betenkeleg at dei samtidig reduserer i talet på bueiningar, seier Ness.

Fredag skreiv Ryfylke om rådmannen sitt budsjettforslag for 2016, der han føreslår å kutta drifta med 26 millionar kroner. 14 av millionane blir henta frå helse- og omsorgstenesta, der rådmannen både vil kutta i bemanninga, redusera vikarbruk og stenga Sauda DMS i seks månader. I perioden Sauda DMS vil vera stengt vil Sauda bare ha 80 pleie- og omsorgsplassar.

Frå helseleiinga i kommunen blir det opplyst at talet på personar som står på venteliste for pleie- og omsorgsplass har gått kraftig ned det siste året. Bare éin person står på lista per i dag. Dette stemmer dårleg med Ragnhild Ness si oppfatning av behovet ute blant dei eldre innbyggarane i Sauda.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.