Skuleløft i rett tid

Hausten 2019 fekk alle elevar og lærarar ved grunnskulane i Sauda kvar sin Ipad til disposisjon. Den investeringa gjer skulekvardagen enklare for både små og store i desse korona-tidene.

Skulane i Sauda og landet elles held korona-stengd på tredje veka. Likevel er både elevar og lærarar i full sving med skulearbeid. Dagleg kjem det nye arbeidsoppgåver til elevane via digitale løysingar på Ipaden, eller læringsbrettet som skulefolket liker å kalla det. Gjeremåla dreier seg like gjerne om matematikk og andre typisk teoretiske fag som kunst og handverk og kroppsøving. Mulegheitene er uendelege.

Læringsbrett-skulen er sjølvsagt inga fullgod erstatning for den ordinære skuledagen. Mykje læring skjer gjennom møte mellom menneske. I eit slikt perspektiv kjem det digitale skuletilværet til kort. Trass i at dei fleste foreldre i grunnskulen høyrer til den yngre delen av befolkninga, vil den digitale kompetansen i heimen variera. Det same vil evnene til å motivera skuleungane til å gjennomføra den daglege skuleøkta og til å hjelpa dei unge, håpefulle med skulearbeidet. På den andre sida får foreldra nå eit godt høve til å setta seg betre inn i kva ungane arbeider med. Og så er jo læraren trass alt bare ein telefon unna, dersom utfordringane hopar seg opp på elevane sitt «heimekontor».

«Dette er noko av det beste ein kan satsa pengar på»

Kampen om dei kommunale budsjettkronene er kvar haust ein krevjande prosess. Det finst så mange gode og etterlengta tiltak å bruka pengar på, og politikarane må velja klokt kva som skal prioriterast. Innføringa av læringsbrett kosta fire-fem millionar kroner. Dette er ein vaksen sum sjølv i eit budsjett på ein halv milliard. Innkjøpet gir eit tydeleg signal frå våre folkevalde om vilje til å investera i framtida. Dette er noko av det beste ein kan satsa pengar på.

Ingen kunne naturlegvis sjå føre seg tilværet i eit koronaramma samfunn. Førebels ser det òg vanskeleg ut å seia noko om kor lenge me må leva med stengde skular og eit samfunn delvis i dvalemodus. Slik som situasjonen nå er, herskar det uansett liten tvil om at nettbrettinnføringa i haust gir saudaskulane langt betre vilkår for å oppretthalda aktiviteten i skulen enn om ikkje skuleadministrasjonen og lokalpolitikarane hadde vore så framoverlente i sitt arbeid for å utvikla skulen for framtida.

Det må kunna forventast at ei slik investering over tid vil kasta av seg, men nytteverdien nå i koronatilværet er i høgste grad å rekna som eit ekstraordinært utbytte.