Folkemøte om meldingar for ny 420 kV kraftleidning Sauda-Blåfalli-Mauranger-Samnanger-Øygarden
NVE
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) inviterer no til folkemøte i samband med høyringa av Statnetts tre meldingar om ny 420 kV kraftleidning frå Sauda i Rogaland via Blåfalli, Mauranger og Samnanger til Øygarden i Vestland fylke.
På møta vil NVE orientere om sakshandsaminga av meldingane. Statnett vil vere til stades og orientere om planane sine. Det vil også bli moglegheit til å stille spørsmål. Møta vil vere opne for alle interesserte.
Alle møta byrjar kl. 19.00.
Høyringsfristen er som tidlegare nemnd sett til 16. januar 2025.