No vert sjølve utebassenget rive.

Hamrar laus på bassenget

No vert sjølve utebassenget rive.

av Arvid Horpestad

Garderobebygget ved utebassenget er jamna med jorda. I dag tidleg, tysdag, byrja maskinførar Erik Ringstrand frå Lofthus Maskin å riva sjølve utebassenget. Bit for bit meislar han ned betongveggene i bassenget der så mange har bada gjennom somrane sidan 1954 i oppvarma vatn frå smelteverket.

Når helga nærmar seg vil det vera lite og ingenting att av anlegget.

Medan Ringstrand har teke fatt på nedmeislinga av bassenget, er maskinførar Lars Eivind Øverland frå Aartun Transport i ferd med å rydda unna dei siste bitane av garderobebygget han hadde oppgåva med å riva.