*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
HÅPAR: Lars Reidar Fosstveit, dagleg leiar i Sauda skisenter, kryssar fingrane for ein betre sesong i år, så han óg kan bygge ut i framtida. I påska løyste han snøproblemet ved å tilby besøkande helikoptertransport opp til toppen. (Arkivfoto: Tore Bastlien Dahl)

Røldal skisenter satsar stort

Men på grunn av dårleg vinter i Svandalen, må Sauda Skisenter beholde status quo.

Sauda skisenter sin nærmaste konkurrent, Røldal skisenter, slår på stortromma og investerer i ein ekspressheis. Etter planen skal kjempesatsinga stå klart til vintersesongen 2014/15. Konstruksjonen skal ta passasjerane 200 høgdemeter opp på berre fem minutt. Prislapp: 40 millionar kroner.

Røldal Skisenter har i, motsetnad til Sauda skisenter, hatt ein innbringande vinter.
– Me var eit av dei få anlegga i fjor som hadde nok snø, og hadde svært bra besøkstal trass i mange helgar med dårleg vêr. Eg trur det er stor nok etterspurnad til at det er plass nok til alle, seier Oddvar Bratteteig, administrerande direktør i Røldal, solidarisk, og synest at jo meir liv i fjellheimen, jo betre, anten det er i Sauda eller Røldal.

– Slik ståa er no etter ein forferdeleg vinter for oss, kan me ikkje tilby noko nytt i den komande sesongen i Svandalen. Me må konsentrere oss om det me har, og heller kome tilbake og prøve igjen når det går betre, seier Lars Reidar Fosstveit, dagleg leiar i Sauda skisenter.
– Mange er etablerte i Sauda, og dei må me ikkje gløyme. Det er ei frisk satsing av Røldal. No får me håpe at det kjem mykje snø i vinter, slik at me óg kan få stolheis neste år, seier han lurt.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.