*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
OPNAR: I morgon, laurdag, opnar Apotek 1 sitt splitter nye saudaapotek, midt i sentrum. (Foto: Ingvil Bakka)

Apotek-opning i morgon

Seks månader utan lokal apotekdrift er over.

– Nytt design, nytt inventar og nye fargar. Apoteket i Sauda blir eitt av dei flottaste apoteka våre, med store, lyse og flotte lokal, seier Håvard Brummenæs, regionsjef i Apotek 1.

Faktisk er designet i dei nye apoteklokala så nytt at det har vore forseinkingar med tanke på leveringar. Men Brummenæs forsikrar at alt skal vera klart til opningsdagen.

– Me skal jobba på, heile natt til laurdag om så er, seier han.

Både huseigar Jan Reidar Jørgensen og lokale bedrifter har, saman med apotekinnreiingsfirmaet Bico, stått på for å få lokala på hjørnet av Skulegata og torggata ferdig til opninga.

Seks månader er gått sidan apotekkjeda Boots Norge as la ned drifta ved sitt saudaapotek i Rådhusgata. Dei grunngav avgjerda med at dei ikkje fekk tak i farmasøyt til å drifta apoteket, og fastslo at ei vidare drift var umuleg. Få veker seinare opna same kjeda eit medisinutsal i dei tidlegare apoteklokala. I mellomtida fortvila saudabuar og politikarar over avgjerda. I mai sendte Statens legemiddelverk ut ein invitasjon til å søka apotek-konsesjon i Sauda, og det og lokal ”lobby-verksemd” førte til at Apotek 1 kom på banen og meldte si interesse. I morgon, laurdag, opnar det nye apoteket med brask og bram.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her