GLADMELDING: Arbeidarpartiets Wenche Hoftun (til venstre) kunne i dag, onsdag, informera rektor ved Risvoll skule, Janicke Hatlen, om at eit einstemmig formannskap er positive til å legga 200 000 kroner til nytt uteområde ved skulen inn i neste års budsjett. (Foto: Ingvil Bakka)

Går mot nytt uteområde

Politikarane vil ofra toalettoppussinga på Rådhuset til fordel for nytt uteområde på Risvoll skule.

Budsjettjusteringane er i gang. Då formannskapet behandla rådmannen sitt budsjettforslag i dag, onsdag, føreslo Arbeidarpartiets Wenche Hoftun, på vegner av eige parti, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, at dei 200 000 kronene som rådmannen vil bruka på pussa opp toaletta i andreetasje på Rådhuset heller blir brukt til uteområdet på barneskulen Risvoll skule i Saudasjøen. Forslaget blei einstemmig vedtatt.

– Viktigare at ungane får eit skikkeleg uteområde, seier Hoftun om justeringsforslaget ho fekk dei andre politikarane med på.

Rektor ved barneskulen, Jannicke Hatlen, som fekk nyheten av Hoftun midt under personalmøtet ved skulen onsdag ettermiddag, kunne ikkje fått ein betre førjulspresang.

– Nå blei eg verkeleg glad. Dette er ein kjempenyhet, seier ho.

Budsjettet for 2015 skal endeleg vedtas under kommunestyret sitt møte 17. desember. Ettersom eit samla formannskap vedtok å flytta på dei 200 000 kronene, ligg det i korta at dette forslaget nokså sannsynleg blir vedtatt.

Les meir i papirutgåva fredag.