Odd Egil Tveit, nytt n¿dnett *** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
Befalsvakt Odd Egil Tveit tek imot oppkallinga frå 110-sentralen som markerer at Sauda no er knytta til det nye nødnettet for brannvesen, politi og ambulanse

Nødnettet i drift

Sette i gang i dag klokka 12.

I dag, onsdag klokka 12.00 tok Sauda brannvesen det nye nødnettet 13 kommunar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt har slutta seg til. Vakthavande befal i Sauda, Odd Egil Tveit, svara då då oppropet frå 110-sentralen, som kalla opp kvart lokale brannvesen i alfabetisk rekkefølge.

– Veldig klar og god lyd, konstaterer Tveit om sambandet.

– Ei stor forbetring, seier brannmeister Inge Seim fornøgd om det nye sambandet.

Politiet har alt teke systemet i bruk, ambulansetenesta gjer det same om ein månads tid. Då kan alle tre nødetatane kommunisera direkte med kvarandre på eit kryptert nettverk

Brannvesenet har tidlegare testa sambandet her i Sauda, og slår fast at etaten no har samband alle stader: På vegen til Hellandsbygd og vidare, i tunnelar og i kraftstasjonar.