MANGLA EIN: Nestleiar i Sauda Fremskrittsparti, Tore Johan Prestegård, var nær ved å få på plass dei sju kandidatane han måtte ha på partiet si nominasjonsliste, men vedgår i dag at slaget er tapt. (Arkivfoto)
MANGLA EIN: Nestleiar i Sauda Fremskrittsparti, Tore Johan Prestegård, var nær ved å få på plass dei sju kandidatane han måtte ha på partiet si nominasjonsliste, men vedgår i dag at slaget er tapt. (Arkivfoto)

Frp stiller ikkje til val

Klarte ikkje å få nok kandidatar til å stille på nominasjonslista.

– Det såg ut som om vi skulle klare det mot slutten, men dessverre ombestemte ein av kandidatane seg, seier nestleiar i Sauda Fremskrittsparti, Tore Johan Prestegård.

Fredag i førre veke hadde Prestegård nærast gitt opp kampen om å få på plass dei sju namna han trengte på Frp si liste for haustens kommune- og fylkestingsval. I løpet av helga såg det imidlertid lysare ut og Prestegård augna håp om at partiet skulle klare å rekke fristen for innlevering av nominasjonsliste, som går ut i dag, tysdag, klokka 12.00.

– Eg hadde fem kandidatar klare og klarte nå å fikse to til. Men så trekte ein av dei som i utgangspunktet hadde sagt ja seg, fortel politikaren, som synest det er uheldig at Framstegspartiet ikkje vil ha ei stemme i kommunestyret dei neste fire kommande åra.

Kva som skjer vidare med lokalpartiet vil bli avgjort under årsmøtet til hausten.

– Eg håpar ikkje vi må legge ned, men at vi kan få rekurttert nye medlemmar og at vi med eit nytt styre kan få fart i sakene, avsluttar Tore Johan Prestegård.

Les meir i papirutgåva onsdag i neste veke.