*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
OPPGITTE: Jan Ringstrand (frå venstre), John Birkeland og Yngve Thomassen, alle frå styret i Sauda jeger- og fiskerforening, synest det er trist at noko har stole tre utstoppa dyr og øydelagt to. Tjuvane tok seg inn gjennom vinduet i bakgrunnen. (Foto: Ingvil Bakka)

Innbrot hos fiskerforeininga

Stal rev – dumpa røy og mår.

– Me har vore skåna for innbrot lenge. Dette er ikkje kjekt, innrømmer John Birkeland.

Torsdag fekk han og resten av styret i Sauda jeger- og fiskerforening melding om at det var gjort innbrot i Klekkeriet, hovudkvarteret til foreininga.

Det var ein klasse frå Austarheim skule som var på tur i området som varsla foreininga, då dei fann ein utstoppa mår og eit ekorn og ei utstoppa røy under den vesle brua ved andedammen i Åbøbyen.

– Dyra har fått fleire skader, seier Jan Ringstrand, og viser til at øyrene til måren er øydelagt, og at røya manglar stjerten og fleire fjør.

Rundt halsen til røya er det fleire blodspor.

Dei utstoppa dyra låg ved sida av bekken og var ikkje våte. Styremedlemmane i foreininga trur derfor at innbrotet må ha skjedd grytidleg om morgonen i dag, torsdag.

– Eg var her nede til klokka 21 onsdag kveld. Då var alt fint her, fortel Yngve Thomassen, som har overtatt hovudansvaret for fiskeoppdrett-arbeidet i kjellaren i Klekkeriet.

Tjuvane har tatt seg inn ved å knusa ei vindusrute i inngangsparti-bygget. Fiskerforeininga manglar nå  ein utstoppa rev.

Ved første aungekast trudde fiskerforeininga at også ein tiur og ei rype var stolne, men det var feil.

Politiet er varsla og innbrotet vil bli anmeldt.