Frustrerte over labbing i sporet

Nå har Ny Von med Knut Saua og løypekøyrar Bjørn Lund i spissen sett seg lei på fotgjengarar som øydelegg skisporet.

Rundt omkring i Norge har fleire og fleire ivrige skiløparar lufta sin frustrasjon over fotgjengarar som går i løypa, enten i det klassiske sporet eller i traseen som er laga for skøyting.

Det er særleg når det er mildvêr og snøen er blaut, eller kort tid etter at prepareringsmaskinen har køyrt opp nye løyper, at fotgjengarar og spora dei set er øydeleggande.

Også i Sauda kjenner dei på frustrasjonen. På måndag denne veka kom det snø nok til at Bjørn Lund kunne lage skikkelege spor i anlegget på Lyngmyr og i Nordstøldalen. Tysdag regna det kraftig, noko som gjorde han spent på korleis løypene ville sjå ut etterpå.

– Det såg eigentleg bra ut, men så var det nokon som hadde gått til fots rundt heile rulleskibanen og øydelagt sporet. Då blir eg varm. Eg legg veldig mykje arbeid ned i dette, og Ny Von har investert i ein maskin til 1,7 millionar kroner. Då er det trist at det ser ut slik det gjorde på tysdag, seier Lund.

Løypekøyraren lufta frustrasjonen, både over fotgjengarar i løypene generelt og dei djupe fotavtrykka på Lyngmyr spesielt, på Facebook-sida til «Lyngmyr ski og tur område».

Der viser han mellom anna til friluftsloven § 2. Den seier at alle kan ferdast i utmark heile året så lenge det skjer taktfullt og med passande omsyn.

Knut Saua i Idrettslaget Ny Von forstår og deler frustrasjonen til Lund.

– Me har ingen interesse av å politianmelde folk som øydelegg løypene, men me vil setje fokus på det. Dei som øydelegg gjer det enten som hærverk og er klar over kva dei gjer, eller så er dei uvitande, forklarer Saua.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.