SYND: Ola Daniel Tveit saknar aktivitetane som har vore populære på Tveit-Tunet i alle år. Med turistar som er interesserte i historia nesten dagleg, meiner han at det er synd at tunet visnar vekk. (Foto: Siri Åbø Wiersen)
SYND: Ola Daniel Tveit saknar aktivitetane som har vore populære på Tveit-Tunet i alle år. Med turistar som er interesserte i historia nesten dagleg, meiner han at det er synd at tunet visnar vekk. (Foto: Siri Åbø Wiersen)

Saknar aktivitet på Tveit-tunet

Ola Daniel Tveit synest det er trist at turistane kjem til eit Tveit-tun som ikkje blir halde ved like.

– Det visnar vekk, og det er veldig synd. Det er ikkje mykje som skal til, og det krev heller ikkje mykje pengar. Berre med å slå graset nokre gonger i året og beisa bygga kvart tiande år, så er ein godt på veg. Bygga er bygd så solide at dei er vedlikehaldsfrie i lang tid framover. Ein må spørje seg sjølv kva problemet eigentleg er, kommunen må ikkje snakke om at det er for dyrt, seier Ola Daniel Tveit.

Han vaks opp på garden ved sida av Tveit-tunet, og sett bort frå omlag 15 år med skule og jobb i Sverige har han budd i området heile livet. No i eit hus rett over vegen. Han får dermed med seg det meste av aktivitet som går føre seg på Tveit-tunet. Tidlegare år har det vore eit par arrangement årleg, noko som har vore veldig populært.

– Det er turistar innom nesten kvar dag, både frå heile Norge, Frankrike og Nederland, for å nemne nokre. Slik har det vore frå mai, og slik er det endå. Eg fortel dei litt om historia og kva dei forskjellige bygga er når dei spør, og når dei lurar på kvifor det gror igjen må eg berre seie det som det er – at det er ingen som har lyst til å gjere noko, seier 73-åringen.

Ordførar Asbjørn Birkeland er klar på at kommunen ønsker å gjere noko med Tveit-tunet. Problemet er å få tak i eldsjeler.

– Vi ønsker å gjere noko med det. Men per dags dato er det eit problem å få tak i folk som vil sitte i styret i stiftelsen og vere eldsjeler for det. Det er gjort forsøk på å finne folk, men eg har forstått på administrasjonen at dei sleit med å få tak i folk, påpeiker Birkeland.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her